Hopp til innhold

Kommunestyret i Askvoll la HAFS dødt

Kommunestyret i Askvoll vil forhandle vidare med kommunane i Indre Sunnfjord.

Frida Melvær

SER MOT SIS: Frida Melvær (H) er ordførar i Askvoll.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har med dette fått eit tydleg mandat frå kommunestyret for korleis vi skal gå vidare med kommunereformspørsmålet, seier Frida Melvær (H) som er ordførar i Askvoll.

Kommunestyret i Askvoll bestemte onsdag ettermiddag med 13 mot åtte røyster å avslutte alle forhandlingar med Fjaler om eit mogleg Hafs-alternativ. No skal Askvoll sjå om det grunnlag for vidare forhandlingar med Førde, Jølster, Naustdal og Gaular.

– Dersom det ikkje er det, då seier fleirtalet at kommunerformarbeidet vert avslutta frå Askvoll si side.

Ein konsekvens av folkerøystinga

Dermed kan resultat bli at Askvoll blir ståande igjen åleine som eigen kommune.

– Det er det som har kome fram i kommunestyret i dag, og så er det slik at saka blir tatt opp igjen den 11. mai, for å gi ei tilbakemelding om kvar vi står.

4. april var saka opp til folkerøsting i Askvoll . Der svarte 24 prosent at dei gå vidare med det såkalla HAFS-alternativet (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund). 36 prosent ville at Askvoll skulle knyte seg til liten Sis (Førde Gaular, Jølster og Naustdal.) 40 prosent ville behalde Askvoll som eigen kommune.

Laster innhold, vennligst vent..

– Slik eg opplever fleirtalet i kommunestyret i dag, så er avgjerda basert på folkerøystinga. Der det var to alternativ som skilde seg ut. Det var vidare sonderingar mot Sis eller nei, seier Melvær.

Ikkje uventa

I nabokommunen Fjaler har Venstre-ordførar Gunhild Berge Stang budd seg på ei slikt utfall.

Gunhild Berge Stang

SKAL DISKUTERE SAKA MÅNDAG: Gunhild Berge Stang (V), ordførar i Fjaler.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– HAFS-alternativet var det som fekk minst oppslutnad i samband med folkerøystinga, så slik sett var det ikkje uventa, seier Berge Stang.

– Og då blir det store spørsmålet, kva no Fjaler?

– Og det skal kommunestyret ta stilling til på måndag. Så har heller ikkje Hyllestad sagt sitt, og nokon vil vel meine at vi då framleis har eit HAFS-alternativ, sjølv om eg meiner det er lite sannsynleg.

Blir krevjande

Når Askvoll no har hoppa kjem dermed også Fjaler fort i den situasjonen at dei må bestemme seg for om dei vil stå åleine, eller om dei også skal sjå mot Sis.

– Det blir krevjande for Fjaler å stå åleine. Vi er såkalla ufrivillig liten kommune. Vi kan ikkje blir straffa for å stå åleine, og samstundes bli nekta å bli del av noko større.

– Set du no di lit til at det kan bli ei form for tvang?

– La oss no seie at Fjaler meiner det er rett å vere ein del av ein større Sis, utan å seie at det er det vi kjem til å ende på. Men då må Fjaler gjere vedtak om det uavhengig av Kva Sis måtte seie. Så får det bli Fylkesmannen si vurdering om vi kjem i ein situasjon der vi vil, men ikkje får vere med, seier Berge Stang.