Hopp til innhold

I dag kan du sjå Jølster bestemme seg

NRK følgjer i dag politikarane i Jølster sine diskusjonar om framtidige kommunegrenser direkte i nett-TV.

Jølster kommune seier i dag ja eller nei til samanslåing

Gjennom folkerøystinga tidlegare i vår sa eit knappast mogleg fleirtal av innbyggjarane i Jølster ja til ei samanslåing med nabokommunane Førde, Naustdal og Gaular. Mindretalet ønskjer at Jølster skal halde fram som eigen kommune.

I dag skal kommunestyret i Jølster seie sitt om kva løysing dei går vidare med, og det vil bli spennande politiske diskusjonar om dei ulike løysingane.

Kommunen tek også stilling til om ein eller fleire i HAFS kan bli med i ein mindre eller større kommune i Sunnfjord.

Vi startar vår direktesending frå kommunestyremøtet i Jølster klokka 13.00.

Laster innhold, vennligst vent..