Då bøndene hadde si store protestmarkering framfor Stortinget i samband med landbruksoppgjeret i vår, drog Sylvi Listhaug (Frp) fram den auka kjøtimporten som døme på at den raudgrøne landbrukspolitikken ikkje har fungert.
No viser det seg at importen er like høg under den blå regjeringa. Vidare viser prognosane for neste år ein ytterlegare auke i importen av kjøt.
Importen vil auke
Det er Nortura som har ansvaret for marknadsreguleringa av kjøt i Norge. Tal frå verksemda viser at importen av sauekjøt ser ut til å bli på 2400 tonn i år, noko mindre enn i fjor.
Men for neste år viser prognosane at vi vil ha behov for å auke importen igjen med 400 tonn. Når det gjeld storfekjøt, vil det bli importert om lag 15.000 tonn i år. Det er forventa ein svak auke i importen neste år.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Frir til politikarane
Konserndirektør i Nortura, Kjell Rakkenes, håper regjeringa vil ha grep.
– Lamma på Vestlandet er mellom dei beste i heile verda. Vi burde satsa på større lammeproduksjon i Norge, noko som krev at politikarane gjer produksjonen meir lønsam, seier han.
Fortvilt bondeleiar
Fylkesleiar Magnar Juklestad i Bonde- og småbrukarlaget er oppgitt over utviklinga i landbruket. Sjølv har han 35 lammesauer i fjøset i Årdalen i Jølster.
– Det siste landbruksoppgjeret var negativt for dei aller fleste bøndene. Det er nesten ingen som satsar på landbruk og som trur at tilhøva skal bli betre. Ein kan ikkje satse berre på dei største bruka, seier han.
Listhaug vil ikkje kommentere
Verken landbruksminister Sylvi Listhaug eller statssekretæren hennar ønskjer å kommentere saka. I ein epost frå politisk rådgjevar Lars Joakim Hanssen heiter det derimot at det er spekulativt å leggje skulda på dagens regjering for at importen av kjøt ligg på om lag same nivå som under den raudgrøne regjeringa.
Mange av dei viktige tiltaka vil først få effekt i 2015, heiter det. Men Nortura sine prognosar for nettopp 2015 viser at importen av storfekjøt vil gå litt opp neste år. Når det gjeld sauekjøt er det forventa at importen vil auke med 400 tonn frå i år til neste år.
Krev lønsauke
Magnar Juklestad seier vesentleg betre lønsemd i landbruket er medisinen som skal til for å få opp kjøtproduksjonen.
– Lønsemda må kraftig opp, seier han.
I eposten til NRK slår politisk rådgjevar Lars Joakim Hanssen fast at regjeringa sin landbrukspolitikk vil føre til auka kjøt- og matproduksjon. Dette skal skje gjennom å styrke heiltidslandbruket og ved å gjere det meir lønsamt å levere kjøt enn å ha dyr, heiter det mellom anna.
– Ille
Kjell Rakkenes i Nortura meiner på si side at det er spesielt ille at vi i fjell- og beitelandet Norge ikkje greier å vere sjølvforsynte på lammekjøt
– Så langt er det grunn til å vere skeptisk til regjeringa sin landbrukspolitikk. Politikarane må vere klar over at den samla norske kjøtbransjen skaper 100.000 arbeidsplassar, seier han.