Det seier fagsjef i Kjøttbransjens Landsforbund, Rolf Aass.
- Det er jo kjedeleg for norsk kjøtbransje når noko slikt skjer, men det må seiast at bedriftene som har kjøpt dette kjøtet har følgt norsk regelverk, seier han.
Frårår bruk i kjøtdeig
Nordfjord Kjøtt har trekt tilbake 140 tonn frosen kjøtdeig laga av importert kjøt frå Polen. Grunnen er salmonella-funn i kjøtdeigen. Mattilsynet har åtvara mot å ete kjøtdeigen. Fagsjef i Kjøtbransjens Landsforbund frårår bedriftene sine no å bruke importert kjøt i kjøtdeig.
- Det går an å bruke det importerte kjøtet i varer som blir varmebehandla, som til dømes pølser, men i kjødeig er det ein for altfor stor risiko å ta, meiner han.
10.000 tonn
I dag importerer Norge rundt 5000 tonn kjøt, både frå u-land og frå Polen. Aas trur dei komande åra vil vise at Norge må importere nærare 10.000 tonn.
- Eg trur vi kan rekne med at vi må doble importen, seier Aass.