Hopp til innhold

Vi kan ha årets bedrift og gründer

Highsoft Solution frå Vik og Moods of Norway frå Stryn kjempar om gjeve titlar.

Torstein Hønsi og Moods of Norway kjempar om gjeve titlar

KJEMPAR OM GJEVE TITLAR: Torstein Hønsi med bedrifta Highsoft Solution og Moods of Norway.

Foto: Montasje: NRK/Moods Of Norway

Innovasjon Noreg deler ut prisar til Årets gründer, Årets bedrift, Årets innovasjonsmiljø og Årets verdiskapar 28 mai, og to av dei nominerte kjem frå Sogn og Fjordane.

Får ære og 250 000 kroner

– Dei er vinnarar allereie. Det er tre kandidatar i kvar klasse, og det seier seg sjølv at dette bra, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Noreg.

Dei som går av med sigeren får heider og ære og 250 000 kroner i premie

Highsoft Solution starta med ein ide om visualisering av snødjupne på fjellet og hadde i utgangspunktet ingen kommersiell baktanke.

No er dei nominert til tittelen Årets gründer saman med Beck Engineering frå Oslo og West Drilling Products frå Rogaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gründerprisen til Highsoft Solutions, Grethe Hjetland, juryformann Arvid Andenæs og Torstein Hønsi.

VANN i 2012: Gründerprisen 2012 gjekk til Highsoft Solutions. Her er Grethe Hjetland, juryformann Arvid Andenæs og Torstein Hønsi.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eit eventyr som starta som hobby

– Dette er eventyret om Torstein Hønsi som gjorde hobbyen sin til internasjonal business. Med ein genial forretningsmodell og produkt i verdsklasse har vi her eit godt eksempel på korleis ein lokal ide kan ha globale moglegheiter, seier Flatland.

Bedrifta utvikla Highcharts og Highstock som er programvaretenester som brukast for å vise grafar og diagram på ei nettside, eit dashbord eller i ein webapplikasjon.

Det kan til dømes vere finansielle data som valuta- og børskursar, vêrdata eller styringsverktøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Halvor Flatland

VINNARAR: – Dei er vinnarar allereie, seier direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland om Highsoft Solutions og Moods of Norway.

Foto: Bård Siem / NRK

Vann i 2012

– Nominasjonen er motiverande og inspirerande for alle i Highsoft Solutions AS. Vi har jobba hardt for å kome dit vi er i dag, så det er ekstra kjekt når andre ser at vi oppnår gode resultat, seier Grethe Hjetland, CEO.

I fjor vart Highsoft Solutions tildelt «Årets gründerpris 2012» under Temposeminaret i Florø.

Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane delte NRK Sogn og Fjordane ut prisen. Prisvinnarane fekk i tillegg 100.000 kroner.

Då kjempa dei mot bedriftene Lege.no frå Mjømna, Droneservice frå Stryn, Proresult frå Førde og Melin Medical AS frå Sandane i finalen.


LES OGSÅ: Highsoft Solutions stakk av med sigeren

(Artikkelen held fram under biletet)

Moods of Norway

UTVIDAR: Moods of Norway har i dag 300 tilsette og omsette for til 291 millionar kroner i 2011.

Foto: Reklame

Kjempar mot Norlense og StorGeo

For tida er Hjetland og gründer Torstein Hønsi i Silicon Valley, der dei deltek på TINC i regi av Innovasjon Noreg.

Også Moods of Norway er med og kjempar for ein gjev tittel.

Dei er ein av tre kandidatar til tittelen Årets bedrift.

– Det er ei stor ære å bli nominert til prisen som Årets Bedrift, seier dagleg leiar Nils Are Karstad Lysø.

Bedrifta Norlense frå Nordland og StorGeo frå Hordaland er også nominert i denne klassa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Børresen og Staalnacke

ÆRE: – Det er ei stor ære å bli nominert til prisen som Årets Bedrift, seier dagleg leiar Nils Are Karstad Lysø. Her er to av eigarane Peder Børrensen og Simen Staalnacke.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Starta med ein traktor og ei t-skjorte

Moods of Norway starta med ein tanke om å lage t-skjorter med bilete av ein traktor. No lagar dei klede, sko, solbriller og parfyme og har 300 tilsette.

Hovudtyngda er framleis på den norske marknaden, men dei planlegg at vidare vekst skal skje på internasjonale marknadar, mellom anna i USA.

– Moods har høg profileringsverdi og er til stor inspirasjon for andre som ønskjer å skape ei internasjonal merkevare, seier Flatland.

Vinnaren vert kåra 28. mai i Oslo på Signalkonferansen.

Ein snømålar på Vikafjellet var utspringet til det som i dag er ei million-verksemd i Vik. I dag har verksemda Highsoft Solutions fleire av dei største selskapa i verda på kundelista si.

It-gründer med stor suksess