Hopp til innhold

Ein snømålar på Vikafjellet var starten på millioneventyret

På Vikafjellet står det ein snømålar. Og nettopp snømåling var starten på Torstein Hønsi si verksemd Highsoft Solutions. I dag har han ni tilsette og omset for 21 millionar kroner i året.

Ein snømålar på Vikafjellet var utspringet til det som i dag er ei million-verksemd i Vik. I dag har verksemda Highsoft Solutions fleire av dei største selskapa i verda på kundelista si.

It-gründer med stor suksess

Men alt starta eigentleg då vikjen Torstein Hønsi ønskte å presentere vêrdata på si eiga heimeside vikjavev.no.

Snømålaren på Vikafjellet vart oppsett i 2000, og «snotippen» vart ein uhøgtidleg årleg tippekonkurranse der utflytte vikjer og andre flittige lesarar av vikjavev.no kunne tippe kor høgt makgrensa for snø ville hamne i løpet av vinteren.

  • LES OGSÅ:

    Årets gründer 2012 har hatt ei eventyrleg reise frå det som ein kan seie var ein ikkje-kommersiell ide til å få ei internasjonal suksessbedrift med kundar over heile verda. Årets gründer har på kort tid etablert seg i ei global næring med sterk konkurranse, der ein verkeleg må vere best i klassa for å vere med i gamet. Årets gründer og hans bedrift har vist ei fantastisk god evne til å utvikle ein forretningsmodul som fungerer i ein ny bransje og i ein internasjonal forretningskultur. Dette er innovativt nybrottsarbeid. Årets gründer skapar arbeidsplassar i dei nye næringane ungdomane våre utdannar seg til, både i sin eigen heimkommune og i fylket og kan og tiltrekkje seg ungdom utanfrå. Han har eit skalerbart konsept med betydeleg potensiale. Årets gründer har vist god forretningsteft ved å jobbe tett på kundane og tilpasse produktet i høve behov som kunden har og der kunden får eigarskap i det som blir utvikla. Han rettar seg no mot kjøpesterkekundar over heile verda. Årets gründer er Highsoft Solutions i frå Vik.

    Arvid Andenæs, juryformann

Brukte først millimeterark

– I byrjinga så noterte eg alle snømålingane på millimeterark, og så la eg dei ut på heimesida. Men ettersom dette utvikla seg, så hadde eg lyst til å gjere noko meir ut av det, seier Hønsi.

For at det skulle sjå best mogleg ut, var han på jakt etter eit produkt som kunne hjelpe han til å lage grafar og diagram over vêr- og snøtilhøva på Vikafjellet på heimesida si.

Men leitinga synte seg å vere forgjeves.

– Eg leitte og leitte, men eg fann aldri noko løysing som var god nok, seier Hønsi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Highsoft Solutions frå Vik vart kåra til Årets gründer 2012

HIGHSOFT SOLUTIONS: Den suksessrike IT-bedrifta held til i Vik i Sogn.

Starta med eit behov

Og nettopp det kan han vere glad for i dag. For det var nemleg jakta på det rette verktøyet som vart den spede starten på det som i dag er Highsoft Solutions og har nokre av verdas største firma på kundelista.

I kjellaren heime snekra Hønsi saman eit program i javascript. Sidan har utviklinga berre gått éin veg, og det er oppover. Bratt.

– Eg hadde ikkje den fjernaste idé om at dette kunne bli til ein forretningsidé. Det gjekk lang tid før eg såg at eg kunne utvikle dette til noko kommersielt, seier Hønsi.

For då han først laga programmet var det for å dekkje sine eigne behov for grafar. Men det skulle raskt syne seg at hans eigne behov ikkje skilde seg veldig frå det andre ute i verda har.

– Då eg såg at det var noko brukande, så ville eg leggje til rette for at også andre kunne ha nytte av det. Og det har vi gjort, seier Hønsi.

Blei brukt i valkampen i USA

I dag har han fleire av dei største selskapa i verda som sine kundar. Mellom anna BBC og Facebook nyttar seg av verktøy som Highsoft Solutions har laga for å kunne presentere data grafisk.

Mellom anna har dataverktøyet deira vorte nytta til å syne analysar av den amerikanske valkampen på Twitter.

– Det er kjempetøft og utruleg kjekt å sjå at produktet vårt er likt over heile verda. Det gir oss litt perspektiv her vi sit mellom snødekte fjell, seier dagleg leiar Grethe Hjetland.

Og den ambisiøse gründaren har ingen planar om å ta livet med ro.

– Det viktigaste for oss er å halde fram med det vi alltid har gjort, og ikkje kvile på laurbæra, seier Hønsi.

Bedrifta Highsoft Solutions vart for knapt ei veke sidan kåra til Årets gründer i Sogn og Fjordane og vann 100.000 kroner.