Hopp til innhold

Dei vart Årets Gasellebedrift

Med ein omsetnad på imponerande 141 millionar kroner, er Moods Retail kåra til Årets Gasellebedrift i Sogn og Fjordane.

Butikkdelen av Moods of Norway er kåra til Årets Gasellebedrift i Sogn og Fjordane.

SJÅ VIDEO: Moods Retail vart Årets Gaselle i Sogn og Fjordane.

Kåringa skjedde under ei tilstelling i Florø fredag.

– Det er heilt klart ei stor ære og stadfesting på at det vi gjer er rett, og at vi har rett veg vidare. Vi er kjempestolte, jublar dagleg leiar, Jan Egil Flo.

– Imponerande

Børresen og Staalnacke

SUKSESS: Peder Børresen (t.v.) og Simen Staalnacke er dei som frontar Moods of Norway.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Det er avisa Dagens Næringsliv som står for kåringa. Dei har sett på rimeleg nye verksemder som har dobla omsetnaden frå år til år. Samstundes må verksemda ha over ein million kroner i omsetnad.

Sjefsredaktør Amund Djuve er imponert over det butikkdelen til Moods of Norway har fått til. Kjeda er representert 11 stadar i landet.

– Det er ei verksemd med fantastisk omsetnadsvekst dei siste fire åra, som dei har kombinert med ei imponerande resultatutvikling, seier Djuve.

Stryn viktig for Moods

Det starta i 2008 med ein butikk i Oslo, no har dei 15–16 butikkar i Norge. I tillegg har Moods of Norway to butikkar i USA, som ikkje er del av Moods Retail.

Flo meiner den lokale tilknytinga til Sogn og Fjordane, og ikkje minst Stryn, har ei stor del av æra for suksessen.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Moods Retail AS resultatrekneskap (alle tal i tusen)

 

2007

2008

2009

2010

2011

Driftsinntekter

0

10.128

38.246

85.372

140.995

Resultat før skatt

-10

802

7.404

15.868

16.225

Årsresultat

-10

554

5.257

11.372

11.667

– Det er klart. Det er jo Sogn og Fjordane, men aller mest Stryn, vi frontar. Stryn er veldig, veldig viktig for oss. Vi kjem aldri til å flytte hovudkontoret derifrå, seier Flo og vedgår at suksessen grunnar i fleire element.

Suksessoppskrifta

– Godt humør, ståpåvilje, teft og å vere heldig. Det er sikkert ein god kombinasjon det. Har rett folk på rett stad, veit kva ein held på med, struktur og ein plan å følgje, legg han til.

Ifølgje Djuve har verksemder frå Sogn og Fjordane aldri utgjort ein så stor del av Gasellene i landet.

– Det er fordi ein del miljø i Sogn og Fjordane er mykje gründeraktivitet, stor forståing interesse og aktivitet i privat næringsliv. I år ser vi det er mykje i Måløy, medan det tidlegare var i Stryn og Florø, seier Djuve.