– I samband med eit vaktbytte så skjedde det ei uønskt hending der eit skot gjekk av inne på våpenrommmet. Dette var før den mellombelse væpninga av politiet tredde i kraft, seier fungerande lensmann Odd Helge Vågseth.
Den gong var våpenpraksisen til politiet å ha framskoten lagring i bil. Det innebar at våpena låg lagra i ein låst koffert i patruljebilane og at betjentane måtte få løyve over telefon til å bruke dei.
- Les også:
- Les også:
Følgte ikkje prosedyrane
Sjølv om ingen vart skadde, seier Vågseth at dei ser svært alvorleg på hendinga.
– Når det går av eit vådeskot så er det alltid ein viss fare for at nokon kan bli skada. I dette tilfellet var det folk som var i nærleiken, seier han.
– Korleis kunne dette skje?
– Politiet har prosedyrar for tømming av våpen. I dette tilfellet vart ikkje prosedyrane følgt godt nok. Rutinane i samband med tømming av våpen vart innskjerpa og det skjedde umiddelbart.
– Tek hendinga svært alvorleg
Politimeister Ronny Iden seier hendinga ikkje vart meldt til Spesialeininga for politisaker.
– Vi vurderte denne saka til å høyre inn under HMS-regelverket og har sett på rutinar og retningslinjer hos oss. I tillegg har vi rapportert denne saka internt, seier han.
– Dette er hendingar vi ikkje vil skal skje og vi tek det høgst alvorleg, seier Iden.
I dag ber politiet ladda våpen på seg. Ei skjerpa trusselvurdering er årsaka til den mellombels Væpninga som tok til i november i fjor. Væpninga er svært omdiskutert, og ved to høve det siste halvåret har skot blitt fyrt av inne på politistasjonane i Kristiansund og Stavanger.
– Eg ser ikkje nokon samanheng med dei hendingane, seier Iden.