Hopp til innhold

Turistane valfartar hit - reiselivsselskap trur på nye kystrekordar

Fleire turistverksemder langs kysten opplever at reservasjonane strøymer på. Ved Gulen dykkesenter har dei i år allereie over dobbelt så mange bestillingar som i heile fjor.

Resirkuleringsstasjon på havbotnen ved Gulen Dykkesenter.

UNIKT: Vraksafari og eit stort dyre- og planteliv i Sognefjorden lokkar turistar til Gulen. I løpet av to verker i februar gjorde folk frå Brasil, Spania, Frankrike, Sverige, Danmark, Tyskland og Noreg dykk ved Gulen dykkesenter.

Foto: Christian Skauge

– Til no i år har vi bestillingar på over to millionar kroner, og vi har også fått bestillingar for to millionar kroner for neste år. Det er veldig mykje meir enn vi pleiar å ha på denne tida, seier styreformann i Gulen dykkesenter, Ørjan Sandnes.

Saman med kona Monica Bakkeli driv han dykkesenteret i Gulen, som mange turistar har fått auga opp for. Dei tilbyr mellom anna dykking mellom 73 ulike nakensneglar, eit elles variert plante- og dyreliv og skipsvrak i Sognefjorden.

Monica Bakkeli og Ørjan Sandnes

SUKSESS: Ekteparet Ørjan Sandnes og Monica Bakkeli har drive Gulen dykkesenter i 15 år. Med rekordstor pågang frå turistar denne sesongen kan dei endeleg hauste fruktene av mange års hardt arbeid.

Foto: Privat

Fleire utlendingar interesserer seg for regionen

– Vi har over 100 prosent fleire bestillingar i år samanlikna med fjoråret. Vi har minst 150–200 dagar der vi har aktivitetar kvar dag, fortel Sandnes.

Sesongen deira har allereie starta og held dei aktive heilt fram mot oktober. I løpet av to veker tidlegare i år var det ni nasjonalitetar innom, med folk frå mellom anna Brasil og Tyskland.

– Det er ein auke i utanlandske turistar, og det er veldig positivt. På øyhoppinga, som går i Askvoll og Solund, har det stort sett vore nordmenn, men no ser vi at fleire utlendingar tek turen, fortel Wenny Iren Hansen, leiar i Visit Fjordkysten.

Ho står i spissen for reiselivsselskapet som skal lokke turistar til Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora og Bremanger. Også andre verksemder, som Knutholmen i Kalvåg, har opplevd stor pågang til no i år og for neste år.

Dykkar ved skipet Oldenburg utanfor Vadheim

OLDENBURG: Skipet vart senka i Vadheimsfjorden i eit britisk flyangrep 7. april 1945. Gulen dykkesenter har mange turistar som vil bli med dei på dykk hit.

Foto: Christian Skauge www.scubapixel

Trur folk vil oppleve noko nytt

– Vi har unike og ekte opplevingar. Det er mange småskalaverksemder, men gjestane som kjem hit er gjerne lenger. Når vi er ute så ser vi at det er stor interesse for regionen, og når folk kjem hit, så likar dei det dei ser, fortel reiselivssjefen.

Wenny Irene Hansen, dagleg leiar i Visit FjordKysten AS

GLER SEG: Reiselivssjefen for kommunane på kysten, Wenny Iren Hansen, trur mange har fått auga opp for kva området har å tilby.

Foto: Pressefoto

Også verksemda i Gulen trur jungeltelegrafen har vore med på å få fleire turistar til området. Samstundes har dei delteke i prosjekt som skal auke merksemda om dei og andre verksemder internasjonalt.

– Det har vore hardt arbeid, og eg trur vi no får betalt for at vi gjer mange ting riktig. Vi er blitt kjende i utlandet i dykkemiljø og vi har brukt mykje tid over 15 år på å snakke med kundar. Vi har heile tida hatt ei stabil inntekt, og no har vi eit løft, seier Sandnes.