Hopp til innhold

Tenkt deg over fjellet? Bruk vinterdekk!

Statens vegvesen går no ut og åtvarar bilistar mot å leggje ut på fjellovergangane i Sør-Norge utan vinterdekk. Fleire bilar har køyrd utfor på det glatte føret.

Filefjell 290416

SNØFØRE: Slik ser det ut på Filefjell tidleg fredag morgon.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har fått tilbakemelding frå E16 Filefjell, fylkesveg 50 Aurland-Hol og riksveg 52 Hemsedal. Vi har snøbyer på alle fjellovergangane, og folk som skal over fjellet no må sko seg med vinterdekk. Det er ingenting anna som gjeld, seier operatør ved vegtrafikksentralen i Bergen, Morten Hagen.

Klokka 05.13 fredag morgon fekk politiet melding om at ein bilførar hadde køyrd utfor på E16 over Filefjell - med sommardekk på bilen. Bilføraren er teken med til legevakta i Lærdal for ein sjekk.

– Det er slett ikkje forsvarleg å køyre med sommardekk på snøføre, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Trond Hatlenes til NRK.

På riksveg 52 Hemsedalsfjellet blir vegen stengd ved Støyten mellom klokka 12 og 14 på grunn av bilberging. Ein kranbil køyrde i morgontimane utfor på det glatte føret.

Meteorologisk institutt har varsla vinterlege tilhøve i fjellet i Sør-Norge denne siste helga i april, med minusgrader og snøbyer både i dag og i morgon.

– Skulle eg ha reist over fjellet så hadde eg lagt om til vinterdekk igjen, slår Morten Hagen ved vegtrafikksentralen fast.

Etter planen skulle dei vinterstengde fjellovergangane riksveg 13 over Gaularfjellet og fylkesveg 55 over Sognefjellet opne i dag tidleg klokka åtte.

– Vi har ikkje fått tilbakemelding frå entreprenørane at det ikkje let seg gjere, men det må sjølvsagt vurderast, seier Hagen.

Laster Twitter-innhold