Programmet "Vesle Daniel" har gjort at vårt fylke er best i landet på utveksling av ungdommar med EU-land. Nøringset meiner dette bør utnyttast.
Tre millionar frå EU
"Vesle Daniel" er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og HAFS-kommunane. Med hjelp av tre millionar kroner frå EU-programmet Ung i Europa har 155 unge fått seg eit opphald i eit anna land. Unge frå Ytre Sogn og Sunnfjord har vore i EU-land, og 23 ungdommar frå EU-land har vore her i fylket. Prosjektleiar Roger Kløvtveit er stolt over det dei har fått til.
Gode røynsler
Men "Vesle Daniel" blir avslutta no ved årsskiftet. Kløvtveit meiner det bør bli ei vidareføring av dei gode røynslene, og leiar Norvall Nøringset i hovudutvalet for kultur vil gjere det han kan for at det blir ein realitet.