Hopp til innhold

I dag skal fylkesordføraren i elden - still spørsmål og følg utspørjinga direkte

I ettermiddag er det fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) som skal spørjast ut på direkten i NRK Sogn og Fjordane. Du kan no stille dine spørsmål til toppkandidaten.

Følg utspørjinga av Åshild Kjelsnes (Ap)

Vallogo

Kjelsnes har vore fylkesordførar dei fire siste åra, og har som eit klart mål å bli sitjande i ordførarstolen også dei komande åra.

Striden om kven som blir fylkesordførar etter valet 14. september vil etter alle solemerke stå mellom ho som Arbeidarpartiet sin kandidat og Jenny Følling frå Senterpartiet.

Utspørjinga av Kjelsnes kan du følgje direkte i P1, nettradio eller nett-TV frå klokka 16 til 16.30 måndag.

Vi kjem til å plukke ut nokre få spørsmål frå publikum, og det er fleire måtar du kan kontakte oss i NRK på, dersom du har spørsmål til ein eller fleire av kandidatane: