Hopp til innhold

Statnett og SFE Nett samarbeider om straum til Høyanger

Statnett samarbeider no med Sogn og Fjordane energi Nett for å unngå ytterlegare forseinkingar på kraftlina mellom Sogndal–Ørskog.

Kraftlinja Fardal - Ørskog

SIKRAR STRAUMFORSYNING: Statnett og Sogn og Fjordane Energi samarbeider for sikre straumforsyninga til Høyanger.

Foto: Skjermdump

– Denne løysinga er svært viktig, seier Martha Hagerup Nilson, som er kommunikasjonssjef i Statnett Midt Norge.

I den opphavlege framdriftsplanen var det ein føresetnad at ein skulle ha lina mellom Høyanger og Ørskog på plass, før ein kunne halde fram arbeidet med kraftline til Sogndal. Årsaka til det var at ein måtte sikre tilstrekkeleg straumforsyning til Høyanger og smelteverket til Hydro.

Bom stopp i Bremanger

For Statnett har fått problem på grunn av rettsprossesar rundt traseen gjennom Bremanger har dei ikkje tilgang til sju mastepunkt i Sørdalen. Dermed kan dei ikkje forsyne Høyanger får Ørskog slik den opphavlege planen var.

Martha Hagerup Nilson

SAMARBEIDER: Martha Hagerup Nilson, er kommunikasjonssjef i Statnett Midt Norge.

Foto: Steinar Lote / NRK

– No kan bruke SFE si kraftline frå Moskog til Høyanger og vår 420 kilovolt på litt lågare spenning, medan vi riv eksisterande line mellom Høyanger og Sogndal, seier Hagerup Nilson.

Dermed kan Statnett forsyne Høyanger med straumforbindelsar.

Dårlegare forsyningstryggleik

Når kraftline får Ørskog til Høyanger ikkje ferdigstillast, gjere denne løysinga at dei no går for at ein får ein periode med lågare forsyningstryggleik enn det som er normal tog ynskjeleg i deler av fylket.

– Men, alternativet med ytterlegare forseinkinga av Statnett sitt prosjekt har endå større konsekvensar for funksjonen til kraftsystemet i Sogn og Fjordane, seier Atle Isaksen, som er Nettdirektør i SFE Nett.

Ferdigstille alt utanom Bremanger

Mange småkraftaktørar ventar på ei avklaring for når dei kan få kopla seg på nettet. Det vil skje etter kvar som lina blir ferdig.

I dag er kraftlina i drift mellom Ørskog og Ørstad. Når lina blir ferdigstilt sørover til Ålfoten, noko som etter planen skal skje i 2015, blir det opna for tilknyting mellom Ørstad og Ålfoten. Så lenge Statnett ikkje har tilgang dei sju mastepunktet i Sørdal er det førebels uvisst når småkraftaktørane som i dag ventar kan få kopla seg på.

– Vårt mål er no å gjere ferdig alt, bort sett frå dei sju mastepunkta i Sørdalen, i løpet av 2016, seier Hagerup Nilson.