Hopp til innhold

Statsministeren fekk sjå dei store øydeleggingane i Flåm

FLÅM (NRK): – Øydeleggingane er dramatiske, sa statsminister Erna Solberg etter å ha sett flaumens herjingar i Flåm.

Erna Solberg i Flåm

MØTTE FLAUMRÅKA I FLÅM: Borna i Flåm møtte statsministeren ved brua over til skulen som er råka av flaum.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Det vart nesten mørkt før Statsminister Erna Solberg endeleg kom til Flåm for sjølv å sjå skadane flaumen tidlegare i veka har gjort. Før i dag har ho vitja Odda.

– Eg synest det er dramatisk. Spesielt når ein ser pinneveden som kjem drivande som har vore eit hus, forstår ein at det har vore enorme krefter i sving, seier statsminister Erna Solberg.

Gravemaskinene i full sving

Solberg møter ei bygd der gravemaskinene er i full sving med å utbetre vegar og ordne opp etter flaumen tidlegare i veka.

– Her er mange som har mista husa sine og som har mista viktige minner som dei har samla opp gjennom åra.

Så langt i dag har inntrykka frå Voss og Odda gjort sterkt inntrykk på Erna Solberg. Det som har gjort sterkast inntrykk er naturkreftene sine herjingar.

.– Det er desse store skadane som vatn i store mengder kan gjere. Det er veldig forskjell på det som har skjedd i Odda og Flåm og det som er på Voss. På Voss har vatnet sige utover og gjort skader på den måten. Men i Odda og Flåm har farten i elva gjort at kreftene har vore enorme.

Elevrådsleiar fortalde om evakuering

Elevrådsleiar ved Flåm skule, Eirik Dalsbotten, fekk møte Solberg laurdag ettermiddag og fortelje om sine opplevingar då flaumen steig og korleis lærarane hjelpte elevane med å komme seg over brua som no er vekke.

– Eg fortalde henne litt om kva som skjedde då flaumen kom, og korleis vi måtte gå for å komme oss heim att.

(Saka held fram under bilete)

Eirik Dalsbotten fortalde om evakueringa

ELEVRÅDSLEIAR VED FLÅM SKULE: Elevrådsleiar ved Flåm skule, Eirik Dalsbotten, fortalde statsministeren om evakueringa, og at det er dumt at han ikkje kan gå på sin eigen skule lenger.

Foto: Arve Veum

Statsministeren spurde om det var skremmande, og eit nikk frå den unge elevrådsleiaren stadfesta det.

Han synest det er dumt at han ikkje lenger kan gå på skulen sin. Dessutan skulle skulen skal ha 100-årsjubileum i år..

– Vi skulle ha 100-årsjubileum for skulen her om 14 dagar, men det kan vi jo ikkje ha.

Dalsbotten skal byrje på ein annan skule i Aurland, saman med dei 35 andre elevane ved Flåm skule. Men han veit ikkje kva tid det vil bli for Dalsbotten bur lenger oppe i dalen der vegen er skylt vekk fleire plassar.

Pengar til oppattbygging

Kommunane har etterlyst pengar til å bygge opp att vegar og reparere alle andre skader etter flaumen. Statsministeren kan førebels ikkje seie noko om kor raskt pengane kan vere på plass.

– Vi meiner vi skal klare å få pengane på plass så raskt kommunen sjølv har fått oversikt over kva dei treng. Det er ulike dimensjonar på det som skal gjerast. Nokre ting må reparerast raskt medan andre ting har langsiktig preg over seg.

– Nokre pengar til vegar og jernbane vil gå automatisk frå vedlikehaldsbudsjetta så får vi heller sjå på om vi må fylle på budsjetta.

(Saka held fram under bilete)

Solberg møtte arbeidsfolk i Flåm

STATUS: Statsministeren fekk siste oppdatering på situasjonen i flaumråka Flåm frå NVE og Aurland kommune sine representantar.

Foto: Arne Veum

Solberg seier ho har invitert alle ordførarane til eit møte i Oslo der dei skal gå gjennom korleis dei raskt kan gjennomføre dette.

Lærdal råka for andre gong

I Lærdal har det vore misnøye med pengane dei fekk etter brannen tidlegare i år.

– Eg er ikkje samd i at Lærdal har fått mindre pengar. Men tida er uansett ikkje inne for å krangle om det. Vi lærer av at vi er for seine og, det var veldig mykje kritikk etter flaumen i 2011 i Gudbrandsdalen. Dei ordførarane vil også bli inviterte for å dele sine erfaringar med oss og kvar vi kan bli betre. Vi skal lære når vi gjer ting for dårleg.

Solberg skal seinare laurdag kveld besøke Lærdal kommune. Der var ho også tidlegare i år etter brannen. Ho likar ikkje å måtte besøke ein kommune to gongar etter slike kriser.

– Eg synest det er kjempeleit. Lærdal skulle fått lov å bygge seg opp att. Men vi må bu oss på fleire flaumar og naturkatastrofar i framtida.