Sjå oversikt over øydeleggingane nedst i saka
Store delar av infrastrukturen på Vestlandet er totalt vaska vekk etter storflaumen dei siste dagane. Mange har mista bustaden sin, og fleire er evakuerte frå heimane sine. Hardast råka av flaumen er kommunane Odda, Aurland, Voss og Lærdal.
- Les også:
- Les også:
Det er for tidleg å seie kor store kostnadene etter øydeleggingane blir, men det ser ikkje lyst ut, ifølgje ordførarane i dei fire kommunane.
– Ein allereie svekka kommuneøkonomi
UROA: Ordførar i Odda, John Opdal seier kommunen no er i ein vanskeleg økonomisk situasjon og ber staten trå til.
Foto: Tale HausoOrdførar i Odda, John Opdal, seier det allereie er ein vanskeleg økonomisk situasjon i kommunen. Han legg ikkje skjul på at kommunen går ei vanskeleg tid i møte.
– Me veit jo ikkje kor store kostnadar me kan vente oss etter flaumen. Men at det blir dyrt er det inga tvil om. Per i dag har me ei målsetning for 2015 om å ta ned 15 millionar kroner på driftsbudsjettet. Det seier litt om situasjonen vår her i Odda, seier Opdal.
– Staten må trå til
BER OM HJELP: – Me er total avhengige av statleg støtte no, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.
Foto: PicasaOrdførarane i både Odda, Voss, Lærdal og Aurland seier at staten er nøydde til å hjelpe kommunane økonomisk.
– Me er totalt avhengige av statleg støtte no, seier ordførar i Lærdal. Det kjem statsministeren til å få klar beskjed om når ho kjem på synfaring i helga, seier Jan Geir Solheim.
– Lovar støtte
LOVAR Å HJELPE: I helga reiser statsminister Erna Solberg til fleire av kommunane som denne veka bleir råka av flaumen på Vestlandet.
Foto: Andersen, Aleksander / ScanpixI helga skal statsminister Erna Solberg besøke dei fire kommunane og møte personar som er råka av flaumen. Fredag lova ho hjelp til fleire kommunar på Vestlandet.
– Det vil kome støtte få staten. Både statleg, fylkeskommunal og kommunal infrastruktur er øydelagt. I helga inviterer me ordførarane for å snakke om dei største utfordringane som ventar, seier Solberg.
Laurdag reiser statsministeren til Odda. Derfrå vidare Voss og Aurland-Flåm.
- Les også:
Fredag ettermiddag får NRK denne oversikta over øydeleggingane etter flaumen frå ordførarane i dei fire kommunane som er hardast råka:
Odda
BRUKOLLAPS: Bygda Hjøllo i Odda blei evakuert og isolert etter at bruka kollapsa.
Foto: Eva Hansen / 03030-tipser- Fem bustadhus rasa i elva. To hus står framleis i fare.
- Fleire private hus har store vasskadar. Kommunen har førebels ikkje oversikt over skadeomfanget.
- Det er store skadar på fleire forretningsbygg. Mellom anna den verna bedrifta Odda produkt.
- Store delar av vegnettet i Odda er råka av flaumen. Særskilt har delar av Opoveien fått store skader.
- Det er store skader på vegnettet langs Rv 13 sør for Odda. Fredag er vegen delvis open og trafikken blir dirigert.
- Vass- og kloakknettet er skada.
- Langs elvebredda er det store skader der det må gjerast omfattande sikringsarbeid. Mellom anna må det fyllast på store steinmassar.
- Ein rutebuss hamna på elva.
- Det er naudsynt med eit omfattande oppryddingsarbeid i fjorden. Vrakrestar frå hus og private gjenstandar flyt i fjorden. Fredag er kystverket i gang med opprydding.
- Brua over elva Opo er kollapsa og ligg i elva me store skader.
- Det er store skader på brua over Rv 13 som går over Opo.
Voss
BERGENSBANEN: Bergensbanen blei stengd i fleire dagar på grunn av rekordflaumen.
Foto: Espen Hatlestad- Bergensbanen har lagt i vatn over skinnegangen. Det er førebels usikkert kor stort skadeomfanget er.
- På Bolstad er delar av Rongavegen øydelagt.
- Nortura sitt anlegg på Evanger er hardt råka av flaumen. Det er skadar på både bygning og maskiner. Meir enn fem tonn pinnekjøt blir kasta.
- I Evanger sentrum er mange private hus råka av flaumen med store vasskadar.
- I Evanger er både butikk og verkstad råka av store vasskadar.
- På E16 nedanfor Flagefossen er det innsnevra køyrefelt fordi elva har grave seg inn under vegen.
- I sentrum er avishuset Hordaland råka av store materielle skadar.
- På Fleischers hotell er heile nedste del av motellet skada. Totalt er det snakk om 18 leilegheiter.
- På Voss kulturhus er det vasskadar i heile første etasje. Både kinosalar og musikstudio er råka.
- På Park hotell er alt av golv i første etasje øydelagt. I tillegg er mellom anna delar vinkjellaren på hotellet øydelagt.
- Minigolfbana i Voss sentrum er truleg totalskadd.
- Voss ungdomshus har skadar i kjellaren.
- På tinghuset er det skader i kjellaren, og delar av ventilasjonsanlegget er øydelagt.
- Fleire klasserom på Voss ungdomsskule har fått skadar på både ventilasjons- og varmeanlegg.
- Voss camping har store skadar på både campingvogner, hytter, bilar og sanitæranlegg.
- Heile kjellaretasjen i Voss idrettshall har store vasskadar.
- På idrettsanlegget er mellom anna den eine kunstgrasbana totalskadd.
- Tintabrua over Vosso blei tatt av flaumen og er vekke.
- Alle hus langs Vosso og inn i Haugamoen har fått vasskadar. Det same gjeld bygg i Elvegata langs Vosso.
- Fleire kommunale vegar er skada. Mellom anna Holbygdevegen og Vikjavegen.
Aurland-Flåm
STORE KREFTER: I Flåm har nettstasjonen ved kyrkja forsvunne i elva. Litt lenger nede, frå Flåm skule mot Ryo, er det havari på ein kabel og fem nettstasjonar er utan spenning.
Foto: Oddleif Løset / NRK- 13 bustadhus er totalskadd.
- Éi driftsbygning og ei rekke mindre uthus er totalskadd.
- Brua Flåm skule er heilt vekke.
- Brua Haugen er totalskadd.
- Vegen på begge sider av Brua Flåm kyrkje har fått omfattande skader.
- Fleire andre gangbruer i kommunen har fått skader.
- Fleire vegar er heilt vaska vekk. Mellom anna er vegen som går oppover Flåmsdalen totalskadd på fleire strekk.
- Det er ustabile massar i grunnen ved Flåm kyrkje. Det er skadar på muren ved kyrkjegarden. Flåm skule er utsett fordi muren er grave vekk av flaumen.
- Mange bygningar står usikkert til og det er uvisse fleire plassar om fleire bygningar vil rase saman.
- Det må gjerast sikringstiltak langs store delar Flåmselva.
- Det er store skader på dyrka mark i Flåm.
- I Flåm er det fleire område som ikkje har straumforsyning.
- I Undredal finst det ikkje vegsamband. Det er estimert at det vil ta minst ein månad å få reparert skadane. Her er det også skader på kommunal veg.
- I Undredal har det tidlegare vore manglande vassforsyning, no er det kokepåbod.
Lærdal
STORE SKADAR: Øydeleggingane etter flaumen er enorme i Lærdal.
Foto: Oddleif Løset / NRK- Det er store skader på vegen ut til Vindedal nede hjå fjorden. Vegen er totalt vaska vekk.
- I Lærdalselva trengst det eit omfattande oppryddingsarbeid etter at elva er fylt med store mengder massar.
- I Erdalsvassdraget har elva tatt nye vegar og endra løpet. Det har øydelagt tilkomsten til fleire hus og vegar. Det er også skadar på vass- og kloakknett
- I Teigjelet ved Håbakken er elveløpet fylt med massar. Elva har tatt nytt løp og fleire vegar til privathus er vaska vekk.
- I Kuvelda og Tinjadalen har elva tatt mange nye løp i ei strekning på mange kilometer. Den har grave vekk mange store vegstrekningar.
- I Kuvelda og Tinjadalen er kraftlinja øydelagt. Elva har gjort skadar på fleire gårdar og øydelagt fleire hus. Her er fylkesvegen grave vekk.
- I området Voll-Tønjum er fleire mål med morell- og bringebærhagar øydelagt. Berre eitt mål kostar 60.000 kroner. Her er det skadar for fleire millionar kroner.
- Sendavassdraget har gått ut over breiddene sine og elveløpet er fylt av stein. Fleire bruer er øydelagt, eller heilt vekke.
- I Råsdalen er det store utgravingar. Her er vegen øydelagt fleire plassar. Eit stort felles vassanlegg er øydelagt.