Hopp til innhold

Sprettar champagnen for statleg finansiering av subseastudium

I det reviderte statsbudsjettet, som blir lagt fram i morgon, får bachelorstudiet i subseateknologi i Florø full statleg finansiering. Studiet har i tre år stort sett blitt finansiert av eit lokalt spleiselag.

Bjørn Hollevik

STOR DAG: Bjørn Hollevik (H) meiner det er all grunn til å feire at finansieringa av subseastudiet i Florø no kjem inn i det reviderte nasjonalbudsjettet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Høgskulen i Bergen oppretta bachelorstudiet i subseateknologi i Florø for tre år sidan. I morgon kjem Kunnskapsdepartementet med meldinga om at dei vil finansiere studiet med 24 studieplassar.

Det gler Bjørn Hollevik, som er første vara til Stortinget frå Høgre i Sogn og Fjordane.

– Etter tre år med betydeleg lokal finansiering, blir det no eit statleg ansvar. Det skapar langt meir føreseielege rammer, slik at både høgskuleskulen og det lokale næringslivet kan fokusere på kvaliteten på studiet, i staden for å drive krumspring for å få det finansiert, seier Hollevik.

Stadig vanskelegare å be om pengar

Så langt har det lokale næringslivet, med fleire av oljeselskapa i spissen, bidrege med meir enn 18 millionar kroner, i tillegg til utstyr, praksisplassar og rekruttering til ingeniørutdanninga i undervassteknologi

Hollevik seier den måten å drive på ikkje hadde vore haldbar i lengda.

– Når vi no var inne i det tredje året for å be om støtte, så var det særdeles tungt. Det har blitt jobba intenst både politisk og frå næringslivet for å få dette gjennom statsbudsjettet. Så når vi fekk vite at det kjem allereie no i det reviderte, då gjekk champagnekorken til vêrs, seier Hollevik.

Vil betre rekrutteringa

Han trur avgjerda vil vere viktig for rekrutteringa av ungdom til ei næring som sårt treng arbeidskraft. Samtidig trur han det vil auke sjansane for at Sogn og Fjordane blir meir attraktive for etablering av nye og innovative verksemder.

– Skal vi greie å styre teknologiutvikling og skape arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, så er det viktig at studentane får tatt utdanninga si her. Får dei ikkje oppleve staden dei seinare skal virke, så er sannsynet betydeleg mindre for at dei seinare etablerar seg i Sogn og Fjordane, seier han.

Hollevik seier det handlar om langt meir enn å levere berre til norsk sokkel. Noreg står for over femti prosent av produksjonen av undervassteknologisk utstyr i heile verda.

– Dette er ei global næring. Det å ha ein av to studiestader for bachelorutdanning i subseateknologi i heile Noreg, det trur eg er viktig.