Hopp til innhold

Optimistar trass dårlege tider i oljenæringa

Trass ein tung periode og redusert aktivitet for oljeservicebedrifter og oljeselskap den siste tida, er både tilsette og studentar ved subsea-utdanninga i Florø optimistiske.

Studentar ved Subsea utdanninga Florø

OPTIMISTAR: Cathrine Vindenes, Elinora Høyvik Grimelid og Håvard Blø, studentar ved Subsea-utdanninga Florø.

Foto: Stein Aase / NRK

I dag tidleg fall oljeprisen under 50 dollar fatet for første gong sidan mai 2009. Enkelte ekspertar trur tidene kan bli endå dårlegare i oljenæringa.

Subsea-studiet starta opp hausten 2013, og er eit ingeniørstudium i undervassteknologi. Øyvind Østrem, studiekoordinator i Florø, har klokkartru på at betre tider er i vente.

– Det svingar. Marknaden vil ta seg opp att. Vi hadde ein stor nedgang i 2008, men kom oss opp att. Eg er overtydd over at vi kjem oss opp at no også, seier Østrem

Spent på rekrutteringa

Så langt har to kull starta på den unge høgskuleavdelinga som høyrer under høgskulen i Bergen. Østrem seier energibehovet vil vere stort i framtida, og ser positivt på studentane sin sjanse til å skaffe seg jobb når dei er ferdige.

Han er meir spent på kva situasjonen i oljemarknaden, og media sin omtale av den, vil gjere med søknadstala.

Øyvind Østrem

STUDIEKOORDINATOR: Øyvind Østrem.

Foto: Stein Aase / NRK

– Vi er veldig spente på rekrutteringa. Vi må selje til framtidige studentar at dette ikkje er slutten på næringa. Subseasegmentet er det raskast veksande i olje- og gassnæringa, og Noreg er verdsleiande.

Optimistiske elevar

Det er 71 studentar i Florø, 31 på første kull og 40 på andre. Ellinora Høyvik Grimelid frå Høyanger har stor tru på at ho har vald rett.

– Absolutt, det kjem nok til å gå opp att. Subsea er ei veksande næring, og om det tek tid får eg ta ein master.

Også studentane Cathrine Vindenes og Håvard Blø frå Bergen har stor tru på framtida.

– Eg trur det kjem til å gå veldig greitt. Faglærarar og fagpersonar seier vi ikkje skal uroe oss, seier Vindenes.

– Faglærarar og bedrifter seier subseanæringa har ei fin framtid, og det høyrest ut som vi kjem til å få jobb ganske lett, seier Blø.

Tett samarbeid med næringslivet

Øyvind Østrem trur dette kan vere eit gunstig tidspunkt å vere student.

– Det kan vere ein fordel å ta utdanninga når det er nede i ein bølgedal, så kjem dei sannsynlegvis ut når ting er på topp igjen.

Men for at dei skal kome ut klare for yrkeslivet, er samarbeidet med næringslivet heilt avgjerande, meiner Østrem.

– Vi hentar lærekrefter frå bedriftene, for i ei spesialisert utdanning er vi nøydde til å vere oppdaterte. Vi kan ikkje sitje i eit klasserom i tre år og så kome ut i næringa.