Hopp til innhold

Reiste seg etter ein dårleg første omgang - trur ny formasjon gjer susen

Sogndal slo Brann 1–0 i treningskampen på Fosshaugane laurdag. Fullt fortent, meiner Gustav Valsvik, som har stor sans for den 3-5-2-formasjonen.

Created by InfoDispatcher

TOK STRAFFE: Ørjan Hopen banka inn 1-0-målet på straffe, etter at Taijo Teniste vart takla av Badji og dommar Tommy Skjerven dømde straffe. Foto: Christian Blom/Oddleif Løset

– Vi ville setje standard allereie frå start, slik vi gjorde på La Manga, men vi fekk det ikkje heilt til. Vi fekk ikkje til same presset som vi brukar å ha, og det må vi ha viss vi skal spele i denne formasjonen, seier Gustav Valsvik.

I fjor spelte Sogndal i 4-4-2-formasjon, medan dei no har gått over til 3-5-2.

– Det vart litt urytmisk og litt ein og ein. Kanskje fem til ti prosent frå det nivået vi brukar å vere på. Men det kom seg i andre omgang. Då vart det eit par byte og vi fekk litt friskt blod og friske føter. Vi vinn fortent, for Brann hadde ikkje mange sjansar, seier Valsvik.

Gir mange nye løysingar

I første omgang hadde likevel Brann ballen mykje, og det var få sjansar for Sogndal til å score. I andre omgang køyrde sogningane langt hardare på frå start.

– Vi er ikkje på hogget i første omgang, og det var ikkje godt nok. Men i andre omgang fungerte det slik som det skal, seier Valsvik.

Han er klar på at den nye formasjonen gir einskilde fordelar.

– I staden for å ha fire spelarar bak, så er vi tre. Det kan også vere fem bak, men vi får to breie kantar i spel heile tida og tre sentralt, noko som gir god blokk, i tillegg til tre spissar, seier Valsvik.

Han legg til at når Brann spelar seg ut, så blir det to spissar mot to midtstopparar.

– Då er det farleg uansett. Som regel kan vi spele oss fri bak når vi er tre mot to eller ein spiss. Det er mange forskjellige løysingar ein kan nytte seg av, seier Valsvik.

Han trur den nye formasjonen passar betre enn 4-4-2.

– Slik det ser ut no, med den troppen vi har, så tykkjer eg det, ja, seier Valsvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tim Nilsen

SYNTE SEG FRAM: Tim Nilsen signerte 2,5 årskontrakt med Sogndal fredag. Laurdag fekk han synt kunstane sine mot Brann.

Foto: Christian Blom / NRK

Har ikkje noko konkret tilbod

Sjølv er han ikkje så nøye på kva formasjon laget spelar i.

– Eg trivst godt der eg får bruke ballen mykje, men det er same for meg. Men vi spelar litt meir fotball, kanskje, enn når vi hadde 4-4-2. Du får meir tid på deg, og eg likar det godt, seier Valsvik.

Mange har spådd at Valsvik skulle forsvinne frå Sogndal i løpet av vinteren, men det har ikkje skjedd.

– Det er ikkje noko nytt. Det er sikkert interesse, men det er ikkje noko konkret som eg veit om. Eg startar sesongen her, seier Valsvik, som stadfestar at han ikkje har fått noko konkret tilbod frå andre klubbar i løpet av vinteren.

– Trur du at du blir i Sogndal ut sesongen?

– Det veit eg ikkje, og det vil eg ikkje spekulere i. Vi får ta det som det kjem og sjå korleis sesongen går, og ikkje minst kva Sogndal vil, seier Valsvik.