Hopp til innhold

Har selt 1.892 sesongkort - i år kan det bli rekord

To veker før eliteseriefotballen rullar for fullt att går det mot rekordmange selde sesongkort i verdas einaste Tippeligabygd.

Eldar Skjeldestad Åsebø

GÅR UNNA: For første gong i historia kan Sogndal Fotball passere 2.000 selde sesongkort i år. – Vi er veldig nøgde med 1.892 selde sesongkort per no. Det er omtrent på same nivå som i fjor, og framleis er det tre veker til serien startar her i Sogndal, seier IT- og medieansvarleg Eldar Skjeldestad Åsebø.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Sogndal Fotball har så langt selt 1.892 sesongkort. Det er 12 færre enn i fjor.

Og berre 108 sesongkort frå det magiske 2.000-talet. Det er Sogndal Fotball godt nøgde med.

– Det ser ut til at vi kan runde 2.000 for første gang i historia. Skulle det bli slik at vi manglar eitt kort, så kjøper eg det kortet sjølv for å nå den milepælen, seier IT- og medieansvarleg Eldar Skjeldestad Åsebø.

Feirar med kake

Det betyr at det under kvart kampreferat frå Fosshaugane, vil vere minimum 1.892 publikumarar. Sjølv om det skulle vere færre på tribunen.

Om ikkje salet tek seg opp dei neste tre vekene før Sarpsborg 08 kjem til Fosshaugane som første motstandar på heimebane.

– Klarer vi 2.000 sesongkort i år, så er det ganske stort med tanke på vi har plass til 5.500 tilskodarar på heile stadion. Det blir sikkert ei lita kake då, humrar Skjeldestad Åsebø.

Salet tek seg opp

Talet inkluderer både privatpersonar, sponsorar og samarbeidspartnarar. Med andre ord rubbel og bit av sesongkort som har gått ut frå klubben. Framleis er det ein del sesongkorthaldarar frå i fjor som ikkje har fornya, men desse vil dei neste vekene få telefon frå klubben. Samt få ei påminning gjennom ein kampanje i lokalavisa.

– Av erfaring vil salet ta seg opp att fram mot seriestart. Fotballen blir tema i media og blant folk, og folk blir påminna om at fotballen snart rullar att. Då kjem gjerne folk på at dei ikkje har fornya sesongkortet sitt, seier han.

– Kven er det som kjøper sesongkort?

– Det er folk frå Biri, Lom, Førde og Sunnfjord. Det er folk frå alle plassar og i alle aldrar. Frå fire-fem år til rundt 90 år.

Oppsving med Opseth

Kristian Fardal Opseth

NY: Kristian Fardal Opseth går i far sin, Lasse, sine fotspor som Sogndal-spelar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Skjeldestad Åsebø seier sesongkortsalet har vist ei fin utvikling med jamn auke siste åra. At laget for fjerde år på rad spelar i eliteserien er ingen bakdel, og legg ein til at 2014 vil bli historisk om det også blir eliteseriespel også til neste år, så er det bra med spenningsmoment gjennom sesongen.

– Folk kjøper gjerne eitt ekstra sesongkort eller to ved ny sesong. Så får ein nokre lokale spelarar som gjer at salet får eit løft, seier Skjeldestad Åsebø.

– Har du døme på det?

– Då vi signerte Kristian Fardal Opseth , så kom det ein del telefonar frå folk som ville ha sesongkort. Det er jo kjempestas.

Møter Brann på laurdag

Allereie laurdag får heimepublikumet ein forsmak på eliteseriefotball på Fosshaugane. Då får dei også på nytt sjå eit Sogndal-lag med ein Opseth på laget. Motstandar er ingen ringare enn erkerival Brann frå Bergen.

Eit lag Sogndal slo 1–0 i finalen på La Manga Cup i vinter . Skjeldestad Aasebø håpar på mellom 700 og 1.000 tilskodarar. Det er bra for ein treningskamp å vere.

– Vi ventar ein eller to bussar med bortesupporterar frå Bergen, og salet har byrja å ta seg opp også på nettet. Brann lokkar, og det nærmar seg seriestart slik at mange vil sjå laget og startoppstillinga. Det er jo laget ein stiller no på dei siste kampane ein kan vente seg å sjå oftast når serien startar, seier han.