Hopp til innhold

Snart skal dette skiltet vekk

No er det lenge etterlengta anleggsarbeidet på siste biten mellom Olden og Innvik i gang.

Erling Varlid

SKAL HENGE EI STUND TIL: Om to år kan dette skiltet bli teke ned, konstaterer prosjektleiar Erling Varlid i statens vegvesen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Vegstrekninga som har fått tittelen «Norges verste veg» skal våren 2018 vere ferdig med gul midtstripe heile vegen mellom Olden og Innvik. Og då kan skiltet skruast ned.

Prosjektleiar Erling Varlid er glad for at dei no kan sleppe laus anleggsmaskinane på den vel fem kilometer lange strekninga mellom Ugla og Skarstein.

– For oss i Statens vegvesen og for entreprenøren er det kjekt og spennande å vere i gang med dette som vi lenge har jobba fram mot. Og vi har fått klar beskjed frå trafikantane at dette er svært etterlengta.

Anleggsarbeid Ugla-Skarstein

I GANG: Anleggsmaskinane er i sving mellom Ugla og Skarstein.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Godt mottekne

Sidan vedtaket om bygging av den siste biten mellom Olden og Innvik vart gjort i april i fjor har arbeidet med prosjektering pågått fram til jul, då anbodet vart utlyst. I anbodskonkurransen var det entreprenørfirmaet Kruse Smith AS som sikra seg oppdraget.

Erling Varlid

– KJEKT Å VERE I GANG: Prosjektleiar Erling Varlid.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Og at det er populært i indre Nordfjord at anleggsmaskinane no er på plass kan Varlid skrive under på.

– Vi er veldig godt mottekne av innbyggjarane, det private næringslivet og grunneigarane. Det har vore eit veldig kjekt prosjekt å arbeide med.

Tunnel på 1170 meter

Sogn og Fjordane fylkeskommune har løyvd 363 millionar kroner til bygging av ny veg mellom Ugla og Skarstein.

Det skal byggjast ein tunnel på 1170 meter i den vestlege delen av strekninga. Arbeidet startar med påhogg både på vestsida og austsida av denne tunnelen. Deretter startar sjølve tunneldrivinga frå austsida.

I tillegg kjem det til å bli punktvis utviding av vegen for at trafikken skal gli lettare.

Trafikkdirigering Olden-Innvik

MYKJE DIRIGERING: Trafikantane må rekne med ventetid dei komande to åra. – Eg har berre fått positive tilbakemeldinger. Folk her er glad for ny veg, seier Håkon Bratteberg, som jobbar for Volda maskin.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Spent på sommartrafikken

Men prosjektleiar Erling Varlid er budd på at anleggsarbeidet kan skape vanskar for trafikkavviklinga.

– Vi har planar for korleis det skal gjerast. Det blir både trafikklys og manuell dirigering. Men det er utfordrande for oss.

Og han er særleg spent på korleis det blir i turistsesongen, når det er venta rundt 2000 bilar i døgnet.

– Veldig mykje av det er turistar med campingvogner og bubilar, så det blir utfordrande. Men elles i året trur eg det skal gå greitt med dei planane vi har no.

I to tidsrom i døgnet skal trafikantane kunne køyre uhindra gjennom anleggsområdet. Det er mellom klokka sju og ni om morgonen og mellom klokka tre og fem på ettermiddagen.

– Verd å stå i kø for

Mellom dei som sat og venta på å sleppe gjennom anleggsarbeidet torsdag var Stig Melheim frå Olden.

– Det er heilt greitt. Vi får veg, så det er berre bra. Det blir svært å få tofelts veg. Det er det absolutt verd å stå i kø for.

– Er dette Norges verste veg?

– Det kan sikkert diskuterast, men han er iallfall dårleg.

Stig Melheim (t.v.) og Odd Egil Vangberg

– DETTE ER BRA: Stig Melheim (t.h.) står gjerne i kø for å få betre veg. Til v. Odd Egil Vangberg.

Foto: solveig Svarstad / NRK