Hopp til innhold

Null hjelp frå staten til «Norges verste veg»

Staten nektar å bla opp pengar for å sikre fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Parsellen Ugla Skarstein står att på det som er kalla Norge sin verste veg.

Olden-Innvik - kåra til Norges verste veg

INGEN PENGAR FRÅ STATEN: 'Norges verste veg' frå ikkje draghjelp frå regjeringa.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det var ei klar tilbakemelding frå departementet om at det ikkje blir noko medfinansiering frå staten. Verken forskottering eller eventuell overtaking av veg. Det seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som fredag var i møte med Samferdsledepartementet.

Fv. 60 er og blir fylkesveg.

Fylkesordførar Kjelsnes møtte fredag toppleiinga i Samferdsledepartementet Statsråd Ketil Solvik-Olsen, statssekretær Bård Hoksrud, og leiinga i Vegdirektoratet. Ut av det kom det ingenting. Staten vil ikkje bidra til å få strekninga Ugla–Skarstein trygg.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FEKK IKKJE PENGAR: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Det er klart at det er ei kjempeutfordring for fylkeskommunen, for fylkeskommunen er ikkje i ein posisjon der vi har økonomi til å starte opp store prosjekt.

Glad for avklaring

I Stryn er ordførar Sven Flo (H) glad for avklaringa som kom i dag frå samferdsleministeren om at det er fylkespolitikarane som har ansvaret for Fylkesveg 60.

– Eg har store forventingar ut ifrå at dei signala og prioriteringane dei har gjort tidlegare i forhold til fylkesveg 60 Ugla-Skarstein. Eg forventar at dette no blir tatt inn og at ein får oppstart i 2015

– Du snakkar til nokre fattige fylkespolitikarar?

Sven Flo

GLAD FOR AVKLARING: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Fattig og fattig, det er snakk om prioriteringar, og dette har dei prioritert høgt tidlegare.

Flo meiner fylkespolitikarane har verktøy i verktøykassen som dei kan bruke sjølv om fylkesøkonomien ikkje er den beste.

– Det har jo vore snakka litt om denne rentekompensasjonsordninga som ei moglegheit for dei til å få finansiert opp dette anlegget.

– Og allereie i neste veke er det fylkesting?

– Ja, det stemmer. Eg er svært spent på dei diskusjonane og dei avklaringane som då kjem.