Hopp til innhold

Slikt vil dei ha slutt på

Norges Lastebileierforbund (NLF) har som mål å få ned talet på ulukker der tyngre køyretøy er involvert. Men då må dei ha hjelp av personbilsjåførar.

Farleg forbikøyring på Rv52

FARLEG SITUASJON: Ein personbil prøver å passere to vogntog på riksveg 52 nokre hundre meter etter Borlaugkrysset.

Foto: Stein Inge Stølen / NLF

I tida 2005 til 2014 omkom 280 menneske i ulukker der vogntog var involverte. Ifylgje Statens vegvesen var personbilar den utløysande faktoren i dei fleste av desse ulukkene, skriv NLF på si nettside.

I reportasjen har NLF døme på farlege situasjonar som oppstår, mellom anna har dei teke bilete av ei forbikøyring av vogntog på riksveg 52 opp frå Borlaug til Hemsedalsfjellet.

– Betre trivsel og omdøme

Jens Olaf Rud

HAR ALT SETT RESULTAT: Prosjektleiar Jens Olaf Rud i NLF.

Foto: Stig Odenrud / NLF

I fjor omkom 16 menneske i ulukker på norske vegar der vogntog var involverte. Gjennom eit program dei kallar «På riktig side» jobbar NLF for å påverke haldningane til lastebilsjåførane.

Målet er å få ned talet på ulukker med vogntog. 229 bedrifter er med på aksjonen, som alt har gitt målbare resultat, både i form av færre ulukker, betre trivsel og betre omdøme for bedriftene, seier prosjektleiar Jens Olaf Rud i NLF.

– I Sogn og Fjordane vil eg framheve Transferd, Magnus Nistad AS og Thor Tenden Transport. Dei har teke programmet vårt svært seriøst. Det har ført til at dei har mindre sjukefråvær, ein betre kvardag for sjåførane og betre økonomi.

Stansar på ferjekaiar

Rud fortel at sjåførane frå desse bedriftene mellom anna har gjort det til ein vane å stanse når dei køyrer i land frå ferjer for å sleppe småbilane føre seg.

– I tillegg jobbar vi med at vogntoga må halde god avstand til bilar dei ligg bak, og at dei skal gjere sitt til at mindre bilar kan passere dei på ein trygg måte så fort dei har høve til det, og dermed hindre farlege forbikøyringar som kan kome når folk blir stressa av å ligge lenge bak eit vogntog.

– Men vi får dessverre ikkje gjort så mykje med dei andre trafikantane. Der må det eit større haldningsarbeid til, seier Rud.

Transferd-bil med Asgeir Ripe og Joakim Gjerde

SER MYKJE GALSKAP: Asgeir Ripe (t.v.) er sjåfør i Transferd og er vitne til mange farlege forbikøyringar. Til h. Joakim Gjerde.

Foto: Stein Inge Stølen / NRK

– Ingen trygge når hyttefolket skal heim

NLF har intervjua Asgeir Ripe, som køyrer for Transferd mellom Førde og Oslo. Han opplever mykje rart og ikkje minst farleg på turane sine.

Nokre gonger er det heilt ubegripeleg at det går bra, seier han.

Han er stadig vitne til hårreisande forbikøyringar. Han trekkjer spesielt fram riksveg 52 og riksveg 7 gjennom Hemsedal og Hallingdal som ei spesielt utsett strekning.

Når hyttefolket skal heim er ingen trygge, seier Asgeir Ripe oppgitt.