Hopp til innhold

Førarar av norske vogntog står for flest lovbrot

LÆRDAL/STRYN (NRK): Nesten dobbelt så mange førarar av norske vogntog, som utanlandske, vart politimelde for brot på køyre- og kviletida i fjor. Bransjen er overraska over tala.

Sjåførar av norske vogntog vart melde til politiet dobbelt så ofte som førarar av utanlandske vogntog.

SJÅ VIDEO: 7 prosent av utanlandske førarar av vogntog vart melde til politiet i 2015, mot 12 prosent av dei norske.

– Det er bra at dei kontrollerer, slik at ein får vekk det negative rundt bransjen. Det er skremmande at det er så mykje brot, seier lastebilsjåfør Rune Stabel.

Alt var i orden då Rune Stabel vart kontrollert ved Håbakken i Lærdal.

OK: Alt var i orden då Rune Stabel vart kontrollert ved Håbakken i Lærdal.

Foto: Borgar Sagbakken

Han er ein av dei som tilfeldig blir plukka ut på kontroll ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal. Nær 4000 utanlandske og 6000 norske vogntog vart kontrollerte i heile landet i 2015. 7 prosent av dei utanlandske førarane vart melde til politiet, mot heile 12 prosent av dei norske.

– Dette er ein tendens vi har sett lenge, og vi har ikkje noko godt svar på kvifor, fortel kontrollør Tormod Gausdal ved kontrollstasjonen i Lærdal.

Tormod Gausdal har stogga mange vogntogsjåførar som ikkje klarer å halde seg til regelverket.

GRAVERANDE: Tormod Gausdal har stogga mange vogntogsjåførar som ikkje klarer å halde seg til regelverket. - Vi har underøskingar som syner at mange av tungbilsjåførane har sovna bak rattet fleire gonger, seier han.

Foto: Borgar Sagbakken

Ulike forklaringar på lovbrot

Til kontrollørane forklarer dei norske sjåførane seg med tronge opplegg, uventa ting som har oppstått eller at dei snart er heime. Dei utanlandske opplyser ofte at dei er tvungne til lovbrot av arbeidsgjevar.

– Det er graverande når dei blir melde. Då køyrer dei meir enn fem timar samanhengande eller har mindre enn 7,5 timar samanhengane pause i løpet av eit døgn, understrekar Gausdal.

Han nemner også tøff konkurranse frå utanlandske transportørar med lågare kostnadar som ei årsak.

I ein lastebil i Stryn sit fylkesleiar i Norsk lastebileigarforbund Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden. Han har vore i bransjen i 40 år, og likar dårleg tala som blir presenterte.

– Eg er overraska. Vi har fått beskjed om at det er alvorlege brot, og det må vi ta tak i, også som næring. Vi må jobbe med eigne tilsette og så slutt på det, for det kan ikkje fortsette slik, seier Tenden.

Trur fleire kvileplassar vil hjelpe

EU-reglane er innført for at det skal vere tryggare å ferdast på vegane for både vogntogsjåførane og andre. I tillegg sørgjer ein for at det blir lik konkurranse mellom transportørane. At lova er eit EU-regleverk er problematisk, meiner Tenden.

Rolf Olav Tenden

UROA: Rolf Olav Tenden, fylkesleiar i Norsk Lastebileigarforbund, fryktar at færre vil kome til tranposrtnæringa om dei får eit dårleg rykte på seg. - Vi må finne årsaka til lovbrota og gjere noko med det, seier den røynde sjåføren.

Foto: Borgar Sagbakken

– Reglane er laga for eit europeisk vegnettverk der det er kort veg mellom kvar lovlege parkering med dusj og mattilbod. Her i Noreg er det kanskje 30 mil mellom kvar skikkelege stoppeplass, seier Tenden.

På kontrollstasjonen i Lærdal blir det utøvd skjønn når sjåførane blir stogga. Har det skjedd ein gong at ein bryt kviletida, så stiller det seg annleis enn om Gausdal og kollegaene ser ei rutine, der ein kvar dag køyrer ein halvtime meir enn lovleg.

– Dei fleste gjer ein god jobb. Firma må skjerpe seg og følgje med på det som skjer. Dei har ansvar for at kvile- og køyretida vart halde, seier Gausdal.