Hopp til innhold

Slik sikrar dei bilistane langs E39

Det blir jobba på spreng for å få skifta rekkverket langs Jølstravatnet. Over heile Sogn og Fjordane skal det i år brukast rundt 20 millionar kroner på nytt rekkverk.

Store maskiner er i sving når Vegvesenet no er i ferd med å få opp nytt rekkverk langs E39 på Jølstravatnet. Det nye rekkverket er både høgare og sterkare enn det gamle.

NYTT REKKVERK: Ørjan Rønneid jobbar seg meter for meter nedover E39 langs Jølstravatnet denne veka. VIDEO: Gro Ravnestad.

– Vi prioriterer hovudvegane der det er mykje trafikk og dårleg rekkverk, samtidig som vi også tek litt på fylkesvegar, seier overingeniør Jan Bremer Remø i Statens vegvesen.

Byter ut trafikkfarleg rekkverk

Overingeniøren seier Vegvesenet dei siste åra har fått stadig meir pengar til rekkverk. Prisen for nytt rekkverk varier frå rundt 300 kroner meteren til opp mot 1000 kroner meteren, alt etter kor sterkt det skal vere og kva materiale som blir brukt.

– Vi er ute på synfaringar for å sjå korleis vegen ligg til med skråningar og slike ting. Ut frå ein del standardklassar bestemmer vi kva type rekkverk som skal opp kor, seier han.

Rekkverk kan bli montert omtrent heile året, og akkurat no er to arbeidslag i sving langs E39 ved Jølstravatnet. Her har det gamle rekkverket vore veldig lågt, seier Bremer Remø.

– Det har ikkje veldig stor effekt om folk køyrer på det. I tillegg blir det oppgradert til ein sterkare styrkeklasse, slik at det toler meir om det blir påkøyrd, seier han.

Ørjan Røneid (t.h) og Tor Dyrdal

VIKTIG JOBB: Ørjan Røneid og Tor Dyrdal seier det er godt å vite at dei gjer vegane tryggare for folk som ferdast der.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Veit dei gjer vegane tryggare

To av dei som er i sving i Jølster er Ørjan Røneid og Tor Dyrdal. Med handmakt og store maskiner jobbar dei seg nedover vatnet, meter for meter.

– Her har vi rive det gamle rekkverket, og så set vi opp eit nytt som er høgare, seier Røneid medan han peikar og forklarar.

Stålstolpane blir sett i jorda ved hjelp av ei kraftig maskin, medan skjenene imellom må hengast opp med handmakt.

– Då har vi ein lastebil som kjem etter og så er vi to mann som løfter skjenene opp og set i skruar, fortel Tor Dyrdal.

Begge er samde om kva som er den tyngste delen av jobben.

– Det verste er å få vekk det gamle rekkverket. Då må vi kappe alle skjenene, få opp dei gamle stolpane og fylle singel i dei gamle hola.

Tenkjer de over at de er med å gjere vegane tryggare for folk?

Ja, det er jo difor vi gjer dette, så det tenkjer vi på heile tida, seier dei.