Hopp til innhold

Arne (61) set 2000 stikker for hand

Medan andre gjer jobben med maskiner, set Arne (61) ned tusenvis av brøytestikker for hand.

Arne Lien (61) set brøytestikker for hand i Sogndalsdalen

FOR HAND: Arne Lien (61) har sett ned rundt 2000 brøytestikker for hand langs riksveg 5 i Sogndalsdalen.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Eg synest det er kjekt. Om ikkje hadde eg ikkje gjort det, seier han med eit smil.

Med grove nevar plukkar han opp ein bunt med brøytestikker i Mesta sin lagerhall på Hermansverk. Langs veggen står stablar med brøytestikker, nokre i plast, andre i bambus.

Dei lengste stikkene går i hengaren til Lien. Han skal nemleg setje brøytestikker langs riksveg 5 i Sogndalsdalen. Eit område der snøen legg seg høg kvar einaste vinter.

– I det området er det mellom 20 og 25 meter mellom stikkene. Dei lengste eg brukar er 3 meter og fem centimeter høge, forklarar han.

Gjer det maskinene ikkje klarer

Den høgreiste sogningen er det ein kan kalle kledeleg beskjeden. For det er nok ikkje alle som ville ha gjort den jobben han gjer.

I gamle dagar var alt av brøytestikker sett ned med handemakt, men dei siste åra har det meste gått over til maskiner. Men ikkje alt.

Langs riksveg 5 i Sogndalsdalen må stikkene setjast ned for hand, og den jobben er det Arne Lien frå Leikanger som står for.

– Vegskuldra i Sogndalsdalen er av så hard pukk, at ein ikkje greier å bruke maskinene som set ned brøytestikker, forklarar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Lien (61) brukar set ut brøytestikker for hand

METER FOR METER: Det er berre rundt 25 meter mellom stikkene øvst oppe i Sogndalsdalen, så det blir mange turar inn og ut av bilen for Arne Lien.

Foto: Anna Gytri / NRK

Inn og ut av bilen

Den gule Mesta-bilen er fylt opp med alt han treng. Handbor og straumaggregat, og etter nokre turar fram og tilbake inne i hallen har han hengaren full av brøytestikker.

– Eg koplar boremaskina på straumaggregatet som står bak i bilen, og så køyrer eg fram til der eg skal setje ei stikke.

Arne Lien set ned brøytestikker for hand i Sogndalsdalen

BOR: Med eit handbor som får straum frå eit aggregat i bilen borar Arne Lien hol i asfalten.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Anten finn eg att gamle hol, og borar dei opp att, eller så borar eg nye. Deretter finn eg stikker bak i hengaren, og så er det vidare til neste, forklarar han.

For kvar stikke må han flytte bilen, og med berre 20 til 25 meter mellom kvar stikke blir det mange turar inn og ut av bilen.

– Det blir nokre turar, ja, det blir det, humrar han.

– Og tungtrafikken og bilane susar forbi deg?

– Ja, men det går bra. Vi skiltar at det er bevegeleg arbeid, seier han.

Hadde stikkene bakpå sykkelen

Brøytestikker er i dag blitt noko sjølvsagt for folk flest. Kvar haust dukkar dei opp langs vegane, og kvar vår blir dei plukka vekk att.

Slik har det vore i mange år. Vi må heilt tilbake til 1928 for å finne han som er blitt sagt å vere brøytestikka sin far. John G. Aase frå Gaular var vegvaktar på Jølster og fann der ut at han ville setje opp nokre stikker langs vegen for å gjere den meir farbar vinterstid.

Sidan har utviklinga gått frå hardt fysisk arbeid, til at meir og meir har blitt automatisk. Ein av dei som har fått høyre mange levande forteljingar om brøytestikka si utvikling er Svein Jarle Vigdal. 57-åringen er i dag driftsleiar i Mesta AS i Midtre Sogn, og har jobba i vegstellet sidan 1977.

– I gamle dagar brukte dei gamle vegvaktarane både jekk og sykkel for å få med seg brøytestikkene rundt om, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 13 over Gaularfjellet, fotografert i mai 1952

STAUR: På dei høgste fjellovergangane blir det framleis i dag brukt brøytestikker som minner meir om store staurar. Bette biletet viser brøytestikker over Gaularfjellet i mai 1952.

Foto: Kåre Norddal/Norsk Vegmuseum

Frå sykkel til lasteplan

Det han refererer til som gamle dagar meiner han sjølv må ha vore på 60-talet. Bak på sykkelen lasta dei opp ein liten bunt med stikker, stikker som ein gjerne hadde brukt våren på å lage seg til.

– Dei reiste rett og slett i skogen og høgde seg stikker. Om hausten reiste dei rundt med spett, og slo det i jorda lang vegane, fortel Vigdal.

– Det var nok ein tung og strevsam jobb, og det hadde heilt sikkert lengre dagar enn arbeidarane har i dag, humrar han.

Ut på 70-talet var bilen meir og meir brukt i arbeidet. Då lasta ein opp brøytestikker på lasteplanet og køyrde rundt.

– Så steig dei ut, og fekk sett ned stikka, og var det vidare til neste.

– Vi sat framme i ei korg

Svein Jarle Vigdal

VIKTIG JOBB: Svein Jarle Vigdal, driftsleiar for Mesta i Midtre Sogn, seier jobben mannskapet gjer med utsetting av brøytestikker er viktig for mange.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ettersom tida gjekk vart det meir avansert. På 80 og 90-talet vart det meir maskinelt, og stikkene kom ikkje lenger frå vedskogen.

– Mange hadde ein hjullastar der dei kopla ei korg frampå, så sat vi der. Vi hadde ein hydraulisk hammar som vi borte med, og så sette vi stikka nedi.

– Dette gjekk mykje raskare. Og så gjekk vi over til bambus, det var slutt på at ein hogde stikker i skogen, seier Vigdal og fortel at bambusen vart importert frå Kina og kom til Norge i store containerar.

Heilautomatiske maskiner

Rundt 2000-talet kom maskinene som folk kanskje har sett langs vegane no – ein automatisk stikkesettar.

– Dette er maskiner ein kan ha bakpå ein liten lastebil, eller frampå ein traktor, det er litt forskjellige variantar.

– Her får du sitje bilen, køyre fram, stoppe der du skal setje stikka, og så trykker du på ein knapp og maskina gjer jobben av seg sjølv, seier Vigdal.

– Det er ein ganske rask operasjon, kanskje berre eit halvt minutt per stikke, forklarar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brøytestikkemaskin set ut brøytestikker i Kaupanger

HEILAUTOMATISK: Dei aller fleste brøytestikkene blir i dag sette ned med maskiner som denne. Her er det Øyvind Heggestad som er i sving på Kaupanger.

Foto: Anna Gytri / NRK

Krav om refleks

Men sjølv om mykje av jobben i dag blir gjort med maskiner, er det mykje mannskapet må tenkje på. Det er strenge reglar for korleis stikkene skal stå i forhold til vegkanten, brøytestikkene skal ha rett høgde, dei skal markere ende og slutt på rekkverk, og andre faremoment, som til dømes store steinar.

– Frå starten av var brøytestikkene sett ut for at den som brøyta vegen skulle vite kor vegen var. I seinare tid har trafikantane fått meir og meir nytte av dei, spesielt etter at det vart teke i bruk refleks på dei, seier han.

Refleks på brøytestikkene vart vanleg allereie på 80-talet, og no er det krav frå Vegvesenet at stikkene skal ha refleks. Slik er dei med på å hjelpe bilistane i tåke, mørke og snøføyke.

– Det er det vi kallar optisk leidning. Spesielt på fjellet er det godt med refleks når du køyrer brøytebil og snøføyka er tett, då ser du vegen etter stikkene, seier Vigdal.

– No er det krav til refleks nesten overalt, men ikkje i busslommene.

– Kvifor ikkje det?

– Om du køyrer etter stikkene, og følgjer dei, så ville du fare ut på busslomma og kan hamne i grøfta, forklarar han humrande.

Gjer seg ikkje enno

I lagerbygget på Kaupanger har Arne Lien laga alt klart til neste arbeidsdag. 61-åringen er nesten ferdig med å setje stikker i Sogndalsdalen, ei strekning på over 20 kilometer kvar veg.

– Det er berre å køyre på.

– Men det er jo veldig fysisk arbeid dette?

– Nei da, dette er veldig fint arbeid. Når det er fint vêr, legg han til og ler.

– Trur du er nokre yngre karar som etter kvart vil ta over etter deg?

– Det må det vere. Det som skal gjerast må gjerast. Men eg gjer det enn så lenge, eg likar å gjere det, om ikkje hadde eg ikkje tilbydd meg det, humrar han.

PS: Det er mange lokale variantar av kva utstyr som har blitt brukt til slikt arbeid opp gjennom åra. Dette er ikkje ei utfyllande framstilling av alt dette.

Brøytestikker sett ned for hand i Sogndalsdalen

HOL: Her ser du korleis Arne Lien borer hol i asfalten og set ned brøytestikkene.

Foto: Anna Gytri / NRK