Trass i at Venstre og KrF lova å jobbe for pengar til E39 Sandane-Byrkjelo har dei framleis ikkje fått gjennomslag i Stortinget. Budsjettforhandlingane vart avslutta utan planleggingspengar til utbetring av dei elendige punkta på strekninga.
Senterpartiordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen håpar framleis, men vedgår at han er skuffa.
– Dette var eit tiltak som strengt tatt ikkje trengde å koste ei krone og sånn sett burde vore greitt å få med i statsbudsjettet. Planleggingsmidlane var der, alt vegvesenet trengde var beskjed om at dei fekk lov til å byrje å planleggje, seier han.
- Les også:
Håpar på fleirtal i transportkomiteen
Han vil ikkje spekulere i om nokon motarbeider opprustinga av vegen.
– Vi får sjå kven som stemmer for og mot når saka kjem opp i transportkomiteen. Signala vi har fått i forkant tyder ikkje på at nokon motarbeider dette, men det vil vise seg, seier Gloppestad.
- Les også:
Saman med tapskompensasjon for fylkeskommunen og Vik fengsel, var E39 i Gloppen ei prioritert sak for Venstre i Sogn og Fjordane. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn beklagar at saka framleis ikkje er løyst.
– Men vi kjem til å ta saka vidare i transportkomiteen si budsjettforhandling og håpar at det skal vere mogleg å få danna eit fleirtal der, seier han.
– Pengane finst allereie
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier det er krevjande å få inn meir pengar til veg når Venstre i sitt alternative budsjett i utgangspunktet kutta riksvegløyvingane med 1,5 milliardar kroner.
Men Lødemel seier han ikkje er i mot opprusting av Sandane-Byrkjelo.
– Venstre kuttar ein del på veg, desto meir krevjande er det å få inn nye prosjekt. Men vi er einige om at strekningane på Byrkjelo-Sandane må rustast opp. Men vi har òg pressa på for å få planleggingsmidlar på resten av E39, slik at vi kan halde eit godt tempo på vegbygginga i Sogn og Fjordane i åra som kjem, seier han.
I Gloppen meiner ordføraren at pengane til planlegging alt finst i systemet. Det viktigaste meiner han er at transportkomiteen på Stortinget gir Vegvesenet beskjed om å starte arbeidet.
– Dette har Statens vegvesen planleggingsmidlar til, dei må berre få beskjed om å gjere det. Eg fattar ikkje at det skal vere så vanskeleg, når dei attpåtil seier dei er klare, seier Gloppestad.