Hopp til innhold

Varslar kamp om midlar til E39-opprusting

Ordførarane meiner arbeidet hastar, men vegen mellom Sandane og Byrkjelo ligg ikkje inne i framlegget til statsbudsjett. No kan vegen bli tema i budsjettforhandlingane.

Alfred Bjørlo og Leidulf Gloppestad

HASTAR: Ordførarane Alfred Bjørlo (Eid) og Leidulf Gloppestad (Gloppen) er klare på at betring av E39 må skje så snart som berre mogleg.

Foto: Silje Guddal / NRK

I løpet av hausten skal budsjettet forhandlast om i Stortinget. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), meiner Stortinget i forhandlingane må skaffe pengar til strekninga.

– No kan vi ikkje vente lenger. Dette er ein flaskehals som berre blir verre år for år, seier Alfred Bjørlo.

– Forferdeleg trasig

For sjølv om samferdsleministeren har sagt at han har merka seg den dårlege strekninga mellom Sandane og Byrkjelo, er det ikkje sett av pengar i framlegget til statsbudsjett.

Også ordføraren i Gloppen er skuffa.

– Det synest eg er forferdeleg trasig. Dette er ei vegstrekkje som er ualminneleg dårleg, det er allmenn kjend. Det er ein flaskehals på E39, og det må vi får ordna, seier Leidulf Gloppestad (Sp).

No må altså Gloppestad og Bjørlo setje sin lit til samarbeidspartia, og fylkestoppane i KrF og Venstre varslar at dei tek opp kampen.

Vil prioritere saka

Gunhild Berge Stang

VIL KJEMPE: Gunhild Berge Stang, fylkesleiar i Venstre og nyvald ordførar i Fjaler.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Venstre seier at dette er ei ekstremt viktig sak for Sogn og Fjordane Venstre.

– Dette blir ei topp prioritert sak for oss. Vi har fire saker som vert ekstremt viktige for oss, og dette er ei av dei. Vi kjem til å jobbe i budsjettforhandlingane for at vi i alle fall kjem i gang med nokre oppstartsmidlar der.

Også KrF sin fylkesleiar Trude Brosvik seier dei vil ha snarleg opprusting.

– Vi har spelt det inn fleire gonger, og kjem til å gjere det igjen. Dette er ei av dei strekningane vi vil prioritere, så vi følgjer opp denne saka

– Skulle ha vore i gang

Trude Brosvik avsluttande valdebatt 2015

FØLGJER SAKA: Trude Brosvik, fylkesleiar i KrF.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Om dei to fylkeslaga får gjennomslag i eigne parti blir Sandane-Byrkjelo tema når samarbeidspartia skal forhandle utover hausten.

Regjeringa vil ha E39 frå Byrkjelo via ny indre trasé gjennom Stryn i framtida, men Brosvik seier det uansett trengst ei opprusting vestover gjennom Gloppen og Eid.

– For vår del er ikkje dette ein omkamp på trasè, men vi ser at dette er ein viktig veg å få god nok standard på uansett kva status vegen har.

Dei to ordførarane på kvar si side av fjorden er klare på at dei vil ha hjula i gang allereie til neste år.

– Dette skulle allereie vore i gang, seier Gloppestad.