Hopp til innhold

Trur Solskjær-sponsing skal setje dei på det internasjonale kartet

Klesprodusenten Skogstad frå Innvik i Stryn er ny offisiell samarbeidspartnar av utandørsklede for fotballklubben Cardiff City. Dagleg leiar Henning Skogstad trur det er eit lurt trekk for å få klesmerket ut i Europa.

Skogstad inn i Cardiff

NY ARENA: F.v. James Emery (ein av partnarane til Skogstad i Storbritannia), Cardiff-manager Ole Gunnar Solskjær og dagleg leiar i Skogstad, Henning Skogstad, då avtalen vart presentert.

Foto: Mike Griffiths

– Vi går inn i Ole Gunnar Solskjær sin fotballklubb Cardiff City. Vi har fått ei utmerka moglegheit til å marknadsføre oss saman med det laget og våre engelske partnarar, seier dagleg leiar i Skogstad, Henning Skogstad.

Klesprodusenten Skogstad har hovudkontor i Innvik i Stryn kommune, og satsar mot den internasjonale marknaden.

Selskapet starta satsinga på den engelske marknaden i 2011 og har vakse jamt og trutt.

– Dette har mykje å seie for satsinga vår i Storbritannia der vi har fin framgang og store kundar på gang. Satsinga i England har gått veldig bra, takka vere gode partnarar i England, seier Skogstad.

Skal synast meir i utlandet om få år

Førebels har ikkje Skogstad satsa i andre land i Europa.

– Vi er ikkje så sterke elles i utlandet, men vi jobbar med saka og har tilsett ein eksportsjef. Det tek tid, men i løpet av nokre år bør vi syne att andre stadar i Europa også, seier Skogstad.

Skogstad har tru på at dette er eit grep som vil gje Skogstad ytterlegare fotfeste på den internasjonale marknaden.

– Eg trur dette kan vere ein døropnar. Heile Europa følgjer jo med engelsk fotball, og fotball er ein veldig stor sport i Europa. Eg trur dette kan hjelpe oss mykje, seier Skogstad.

I praksis vil sponsinga bety at Skogstad vert profilert på Cardiff City sin nye stadion. Det inkluderer mellom anna logo bak Solskjær ved intervju før og etter kamp, samt promotering i sosiale medium og kampanjar.

– Dei har ein LED-skjerm som rullerer. Vi har eitt minutts visning rundt heile bana, i tillegg til at Solskjær kanskje kjem til å ha ei Skogstad-jakke til bruk på bana, seier Skogstad.

Vil ikkje snakke om summar

Men kor store summar det er snakk om, vil ikkje Skogstad seie noko om.

– Nei, dei korta held vi tett for brystet, seier Skogstad.

Men han er klar på at det er snakk om ei monaleg satsing.

– Når vi først satsar, så gjer vi det skikkeleg, seier Skogstad.

Han legg til at det har gått både kjapt og greitt å få på plass ein avtale med Cardiff.

– Med gode kontaktar har det gått smertefritt, seier Skogstad.

Skogstad peikar på at det er fleire grunnar til at selskapet vel å gå inn i fotballklubben.

– Det har mykje med å gjere at vi har partnarar som også held til i Cardiff, samt at vi har gode kontaktar med Cardiff, seier Skogstad.

Deler same verdiane

Han legg til at Cardiff-manager Ole Gunnar Solskjær frå Kristiansund er vel respektert i Norge.

– Dette er veldig interessant, og det er i grunn full klaff for oss. Vi er eit selskap som har familieorienterte verdiar, og Cardiff City har også dei same verdiane, seier Skogstad.

Informasjonssjef i Cardiff City, Nic Heslop, seier til cardiffcityfc.co.uk at dei er svært nøgde med å ha fått på plass ein avtale med Skogstad.

– Dette er den første offisielle samarbeidet klubben har hatt med ei norsk bedrift, noko som understrekar veksande internasjonale rekkjevidd. Vi skal saman utvikle kampanjar som vil gagne fansen vår og hjelpe kvarandre til å vidare heve profilen av merkevarene i heimlanda våre, seier Heslop.