Nynorsksatsing gav næringslivspris

Skogstad Sport AS fekk i dag nynorsk næringslivspris for 2013. – Når du ser kven som har vunne prisen før oss, så er vi i eit veldig godt selskap, seier sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal.

Knut Roger Nesdal og Sveinung Rotevatn

FEKK PRIS: Sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal (t.v.) mottok prisen på vegne av Skogstad. Til høgre står utdelar Sveinung Rotevatn.

Foto: Hege Lothe / Noregs Mållag

Utdelinga skjedde under Noregs Mållag sitt landsmøte i Ørsta. Prisen vart første gong delt ut til Lerum i 2006, og går til ei verksemd som har markert seg med nynorskbruk.

Tidlegare har også Ægir bryggeri, Kari Traa og Hotel Alexandra vunne prisen. Det var juryleiar Sveinung Rotevatn som stod for overrekkinga laurdag.

– Dette er ei stadfesting på at vi har gjort ting rett. Vi har fått markert at vi ynskjer å vise vår identitet mykje tydelegare enn tidlegare; å byggje historia og det unike ved Skogstad inn i merkevaren, seier sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal.

Medvite satsing

Skogstad Sport vart etablert i Innvik i Stryn i 1936, og kledeprodusenten har framleis hovudkontoret der. Dei driv sju eigne butikkar, har 37 konseptbutikkar og ein årleg omsetnad på vel 100 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skogstad Sport

BUTIKK: Skogstad Sport har 37 konseptbutikkar over heile landet.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Sidan 2011 gjekk verksemda for første gong over til å bruke nynorsk i katalogar, nettside og varemerking.

– Det medvite valet Skogstad gjorde i 2011 er eit døme til etterfølgjing for norsk næringsliv generelt, og for verksemder med opphav i dei nynorske kjerneområda spesielt, skriv juryen, med Sveinung Rotevatn i spissen.

Merkevarebygging

I 2012 vart verksemda kåra til den tredje beste leverandøren til sportsbransjen av bransjemagasinet Sport. Juryen framhevar at Skogstad, som ein mellomstor aktør, i ein bransje som tradisjonelt er dominert av bokmål.

Spesielt fell det i smak at Skogstad konsekvent profilerer seg med nynorsk i butikkar over heile landet. Nesdal seier dei er stolte av sitt geografiske opphav.

– Vi har dei siste to åra hatt eit veldig fokus på at folk skal få vite kvar vi kjem frå og vårt opphav. Det er viktig for den langsiktige merkevarestrategien vi har lagt. Vi vil vidareføre språkbruken i kommunikasjonen og gjere endå tydelegare, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skogstad Sport i Innvik

OPPHAV: Skogstad Sport starta opp i 1936 og har heile tida hatt sitt hovudkontor i Innvik.

Foto: Skogstad Sport

Trur på effekt

I tillegg til å nytte nynorsk, har Skogstad tatt i bruk Innvik og regionen mykje tydelegare i all kommunikasjon.

Han trur prisen vil gjere dei endå meir medivte på nynorskbruken, og framhevinga av kvar dei kjem frå. På sikt kjenner han seg trygg om at det vil gagne verksemda.

– Skal vi ha ei merkevare, så må ein tufte den på det unike i verksemda du skal marknadsføre. Det mest unike i Skogstad Sport er lokaliteten, og historia til familien Skogstad som har sitt opphav i Innvik. Då er det mest naturlege for oss å snakke nynorsk. Det har ein kanskje ikkje tenkt nok på tidlegare, avsluttar Nesdal fram.