Klesprodusenten i Innvik tente nesten ikkje pengar i fjor, men feirar 75-årsjubileet med å ytterlegare leggje om kursen.
Knut Roger Nesdal seier nedturen, berre er starten på det som skal bli ein stor opptur.
– At omsetnaden gjekk litt ned i fjor, ser ikkje vi på som noko stort problem i det heile, seier marknadssjefen til Skogstad.
– Bevisst val
For 2011 vart ikkje noko stort år for Skogstad. Etter å ha dobla omsetninga dei siste ni åra, gjekk omsetnaden frå 107 til 102 millionar kroner.
Verksemda makta så vidt eit resultatmessig pluss på 500.000 kroner, mot 4,7 millionar kroner før. Nesdal meiner det ikkje var anna å vente.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er eit bevisst val vi har gjort. Vi har sagt nei til ein del distribusjon som kunne gjeve oss enkel og rask omsetnad på, men vi vil byggje langsiktig og byggje merkevara gjennom andre distribusjonskanalar enn det vi har hatt historisk, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Rett å flagge ut
Klesmerket Skogstad såg dagens lys i 1936, og flagga i 1993 ut produksjonen til Kina. I 1997 la dei ned all produksjon i Norge, noko som den gongen var ei tøff avgjerd.
- LES OGSÅ:
Men som no kanskje viste seg å vere forut for si tid. For rett etterpå starta ein veldig økonomisk opptur for klesprodusenten.
– Det har vel vore alfa og omega for eksistensen til Skogstad, seier Nesdal.
Fleire butikkar
Frå 34 millionar kroner i 2003, vaks omsetnaden til 107 millionar kroner i 2010. Fjoråret viste teikn til stagnasjon, men Nesdal seier det no skal satsast på merkevarebygging, ungdomskolleksjon og barnekolleksjon.
Tal såkalla konseptbutikkar, som særleg satsar på Skogstad sine klede, skal auke frå 40 til 60.
– Det er fordi at vi trur at Skogstad er kjend på ein måte, men ikkje kjend nok for historia og det vi står for. Langsiktig trur eg ein slik merkevarestrategi vil gjere det mykje tydelegare for folk, seier han.
– Har gjort mange grep
Skogstad har i dag vel 25 tilsette i Norge. Av desse jobbar 16 i Innvik og ser årleg kring 900.000 klesplagg gå ut av lageret.
- LES OGSÅ:
Også Frank Skogstad, ansvarleg for logistikken innanlands, trur familieverksemda står framfor ein opptur.
– Vi hadde vel ei lita utflating i fjor, men vi har teke mange, mange grep no som vi trur skal medverke veldig, veldig positivt i mange år, seier han.
Skal vekse meir
I tillegg til Norge, satsar Skogstad også i Storbritannia, Austerrike og Sverige.
Nesdal garanterer at verksemda skal vekse meir dei kommande åra.
– Det garanterer eg. Det er eg ikkje redd for ein meter. Vi er eitt år framfor alle andre, vi veit korleis 2012 går og korleis 2013 kjem til å gå. Vi ser at vi då har ein annan distribusjon, vi har eit anna innsal til kjedene og satsar meir bevisst, seier han.