Oppseiingane råkar både leiing, administrasjon og produksjonen ved skipsverftet. Lokalsamfunna både i Hyllestad og Høyanger vert hardt råka.
– Det påverkar dei i veldig stor grad. Det er veldig mykje folk som har hatt arbeidet sitt her kanskje frå dei gjekk ut frå skulen, seier klubbleiar i Forbundet for leiing og teknikk, Johnny Sande.
- LES OGSÅ:
Nedgang i oljenæringa råkar dei
Han og kollegaene har vore gjennom ei vanskeleg tid. Det blir stilt ved skipsverftet i Leirvik framover. Ved årsskifte vil dei vere 60 årsverk færre enn ved inngangen til året.
– Eg synest det er veldig tungt. I alle fall når du skal sitje og forsvare kollegaer som du kjenner veldig godt. Du blir jo glad i folk etter kvart, seier han.
Låg aktivitet innan olje- og offshorenæringa, samt effektivisering av drifta er årsaka til dei kraftige kutta.
– Det vil stort sett råke alle ledd i organisasjonen, frå leiing og mellomleiing og ned i produksjonen, seier Direktør for marknad og forretningsutvikling, Gunnar Larsen.
- LES OGSÅ:
Konsekvensar også for kommunen
Ifølgje han er oppseiingane gjennomførte for dei fleste, men at ein ikkje vil sjå full effekt av kutta før utgangen av året, grunna oppseiingstid.
Klubbleiar Sande meiner leiinga har takla situasjonen på ein ryddig måte opp mot tillitsvalde og fagforeininga.
– Det har eigentleg gått i veldig ordentlege former, stort sett. Vi gir jo beskjed når det er ting som vi ikkje er heilt samde i, seier han.
Nyvald ordførar Morten Askvik (Sp) må takle dårleg nytt om lag på første arbeidsdag.
– Frå kommunen si side må ein på kort sikte vente at dette vil bety mindre skatteinngang og moglegheiter for fråflytting. Når det er sagt så er konsekvensane endå verre for dei det gjeld, og det er dei vi må tenke på. Vi må prøve å gjere det vi kan for å hjelpe dei, seier Askvik.