Hopp til innhold

Skal skrive under for sin tredje eliteklubb

Berre månader etter det bitre nedrykket med Sandnes Ulf, er Henrik Furebotn på veg til Bodø/Glimt. Der blir han ein sentral brikke på sin tredje klubb i eliteserien.

Henrik Furebotn

TIL NORD-NORGE: Henrik Furebotn held fram i eliteserien, trass nedrykk med Sandnes Ulf. Neste stopp i karrieren blir Bodø/Glimt.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

NRK veit at Furebotn er i Bodø, der han i dag skal trene med klubben, før han – om alt går etter planen – skal gjennom medisinsk sjekk og deretter skrive kontrakt med nordlendingane.

Den 28 år gamle midtbanespelaren kjem gratis frå Sandnes Ulf som Bosman-spelar. Han har vore to sesongar i Rogaland, etter at han spelte seks sesongar for Sogndal.

– Det er interesse frå eliteserieklubbar, ein to-tre klubbar blant topp ti, sa Furebotn til NRK.no tidlegare i vinter.

Overfor an.no vil ikkje klubbleiinga kommentere den kommande overgangen til Bodø/Glimt.

– Vi kommenterer ikkje overgangar i media før ting er klart, seier Glimt-direktør Bjørn Tore Hansen til nettavisa.

Overfor NRK har Furebotn tidlegare signalisert at Bodø/Glimt og ein plass på laget som indreløpar under Jan Halvor Halvorsen sitt regime vil passe han svært godt.

Årdølen starta karrieren på seniornivå med Årdal FK i 2. divisjon, før han vart snappa opp av Sogndal. Der spelte han 173 kampar og scora 16 mål, før han gjekk vidare til Sandnes Ulf.