Hopp til innhold

Skal ha fått nytt bod på Fjord1 utan at fylkestinget blei orientert

Eit nytt bod som kunne gitt millardinntekt for fylkeskommunen, skal ha kome inn utan at fylkestinget i Sogn og Fjordane blei orientert om det.

Åshild Kjelsnes

VIL HA MØTE: Tidlegare fylkesordførar Åshild Kjelsnes krev no eit ekstra møte i fylkesutvalet for å diskutere Fjord1-saka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er avisa Firda som i dag kan fortelje at Havila og Per Sævik fire dagar før fylkestinget avgjorde sal til Torghatten kom med eit framlegg til løysing. Sævik seier til avisa at denne løysinga ville ha gitt fylkeskommunen milliardinntekt.

Tidlegare fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) seier det er oppsiktsvekkande dersom Havila på Fjord1 utan at andre enn fylkesordføraren og fylkesrådmannen vart orientert om det.

I tillegg ville denne løysinga ikkje medføre risiko for rettssak om forkjøpsrett og heller ikkje problem med Konkurransetilsynet, seier han.

Berre fylkesordførar Jenny Følling, fylkesrådmann Tore Eriksen og rådgjevarane til fylkeskommunen fekk vite om tilbodet.

– Dette er oppsiktsvekkande opplysingar. Eg har alt bede om eit snarleg telefonmøte i fylkesutvalet for å drøfte den alvorlege situasjonen som har oppstått i og med at styret og administrerande direktør trekte seg i går, seier Åshild Kjelsnes.

På det møtet vil ho og ta opp tilbodet frå Sævik og Havila.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Føllling

DESSE VISSTE: Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Følling (Sp) var dei einaste i fylkeskommunen som kjende til innspelet frå Havila.

Foto: Bård Siem / NRK

– Spesielt alvorleg for rådgjevarane

– Eg har ikkje grunnlag for å trekke Havila sine ord i tvil. Om dette er rett synest eg det er ganske alvorleg for toppleiinga, men spesielt for rådgjevarane til fylkeskommunen, seier Kjelsnes.

– Kunne dette ha ført til utsetting av salet dersom heile fylkestinget hadde blitt informert om det?

– Dette byggjer opp under grunnlaget som Arbeidarpartiet saman med Venstre, SV og Miljøpartiet fremja om ein lovlegkontroll. Dette viser at saka ikkje var godt nok opplyst og saksførebudd.

Fylkesrådmann Tore Eriksen seier til Firda at innspelet frå Havila kom langt etter bodfristen.

– Både eg og rådgjevarane våre meinte at grunnlaget var for dårleg og altfor upresist.

– Ytterst dramatisk

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes er svært uroa over at styreleiar Reidar Sandal, fleire styremedlemmer og administrerande direktør Dagfinn Neteland har trekt seg frå Fjord1.

– Det er ytterst dramatisk og uheldig for selskapet. Eg har samanlikna dette med ei ferje som blir send ut på ein ruskete fjord utan mannskap og styring. Men eg forstår godt reaksjonen, og det kviler no eit stort ansvar på oss som framleis er eigarar.