Hopp til innhold

Her kan du sjå alle TV-innslaga 17. mai

NRK var inne fire gonger frå folkefestane i både Måløy og Førde. Her kan du sjå alle innslaga, og etter kvart kjem videoar og bilete frå fleire stader i fylket.

17mai i Førde del 1

STARTA DAGEN: Siv og reporter Eli gjer seg klare til den store dagen.

I Førde følgde reporter Eli Eikenæs Vengen og fotograf Ole André Rekkedal dagen til Nina og Siv, frå førebuingane, til toget, og til slutt litt mat etterpå:

Reporter Eli Eikenæs Vengen starta dagen saman med venninnene Siv og Nina som møttest til frukost i Førde.

17. MAI-FRUKOST: Siv og Nina samla heime hos Siv.

Direkterapport frå Førde då folketoget passerte Førde barneskule.

FOLKETOGET: 17. maitoget i Førde passerer Førde barneskule.

Sjå det siste innslaget med Siv og Nina i Førde. Ein lang dag med nasjonaldagfeiring tek på kreftene.

PØLSE ETTER LANG DAG: Siv og Nina har hatt ein lang dag i bunad og får seg kvar si velfortente pølse på Førde stadion.

Slik feira dei 17. mai i Florø

Foto/redigering: Truls Kleiven

FLORØ: Mykje folk og god stemning i gatene i Florø. Foto/redigering: Truls Kleiven

Slik feira sogndølene 17. mai

Slik feira sogndølene nasjonaldagen. Foto/redigering: Christian Blom

FOLKEFEST I SOGNDAL: Regnet heldt seg borte frå eit festpynta Sogndal sentrum. Foto/redigering: Christian Blom (ikkje sendt på TV)

Sende direkte frå Måløy

Erlend Blaalid Oldeide og fotograf Heidi Lise Bakke følgje familien Humborstad sine førebuingar med flaggheising og frukost 17. mai. Nordfjord Vekst-sjef Randi Paulsen Humborstad er tilflyttar og held i kveld årets 17. mai-tale i Måløy. Teamet følgde også barnetoget, snakka med Terje Sølvberg om Måløyreidet, og avslutta på torget i byen der russen dansa.

Reporter Erlend Blaalid Oldeide og fotograf Heidi Lise Bakke følgde familien Humborstad i Måløy sin start på nasjonaldagen, med flaggheising og frukost.

HEIME HOS FAMILIEN HUMBORSTAD: Flaggheising og 17. maifrukost heime hos dagens hovudtalar i Måløy.

Måløyværingane går i tog.

17. MAI-TOG: Sjå barnetoget gjennom bygatene i Måløy.

Terje Sølvberg fortel om Måløyraidet som fann stad for 70 år sidan.

KRISHISTORIE: Terje Søvberg fortel om Måløyraidet.

Folket har samla seg på torget i Måløy. Randi Humborstad får tørrtrene på dagens hovudtale, mens russen dansar.

Video frå 17. mai-toget i Førde:

Created by InfoDispatcher

Bilete frå den store feiringa kan du sjå her, og i dette galleriet:

Bunadskledd jente i Hoddevik
Foto: Cathrine Liss