Hopp til innhold

Politiet brukte 56 minutt for å komme fram til cruise-ulykka

Nye tal viser at politiet i Sogn og Fjordane ikkje klarar å nå sine eigne krav til responstid i område med færre enn 2000 innbyggjarar.

FALL: Ei kvinne i 50-åra frå Italia fall over 30 meter frå eit cruiseskip i Flåm.

Under eksplosjonen i Skatestraumtunnelen brukte politiet 53 minutt før første patrulje var på plass. Då ein kvinne søndag fall frå eit cruiseskip i Flåm, brukte politiet tre minutt meir.

Lensmann Magne Knudsen i Årdal viser til store avstandar i vaktdistriktet.

– For dei som var på vakt tok det 56 minutt frå dei fekk melding, til dei var på staden, seier Knudsen.

Lensmann Magne Knudsen

MEIR FOLK: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, ønskjer strengare krav til responstid velkomne, men meiner det då trengst fleire politifolk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei som var på vakt var i Øvre Årdal, 85 kilometer unna Flåm og cruiseskipet Costa Fortuna.

– Eg tykkjer det er forsvarleg utrykkingstid, når ein ser på dei avstandane vi har i vårt vaktdistrikt, seier Knudsen.

Vil gjerne ha strengare krav – og meir folk

Og dei avstandane er store. Vaktdistriktet på tvers av dei tre kommunane Årdal, Lærdal og Aurland har vore det same sidan 2000, då Lærdalstunnelen opna.

Frå 1. januar i år fekk politiet krav til responstid. I 80 prosent av utrykkingane skal første patrulje vere på plass etter 45 minutt.

– Vi prøver å halde oss innanfor krava, og vi kunne godt tenkt oss endå strengare krav. Men då må vi ha meir folk, seier Knudsen.

Tal frå dei fire første månadane vi år viser at ved hendingar i område med meir enn 2.000 innbyggjarar er politiet i 80 prosent av sakene framme etter 32 minutt, innanfor krava.

Er ikkje nøgd med responstida

Men i område med mindre enn 2.000 innbyggjarar er situasjonen ein annan. Det syner statistikken og hendingar den siste tida, som eksplosjonsulykka i Skatestramtunnelen, der politiet brukte 53 minutt på å kome fram og ulykka på cruiseskipet i Flåm.

Statistikken syner at i 80 prosent av oppdrag av høgste prioritet er første patrulje framme etter 58 minutt.

Høgre-ordførar i Aurland – Noralv Distad er ikkje nøgd med tida politiet brukte søndag.

– Nei, det er ikkje tilfredsstillande. Dei bør komme raskare fram, seier Distad.

Denne veka er det venta 7 cruiseskip til vesle Flåm. Ei mangedobling av folketalet, og lensmannskontoret er sommarstengt.

– Ein må hugse på at i Aurland er det svært stor gjennomgangstrafikk. Vi har cruiseskip som kjem inn og det er stor trafikk i området. Det er svært viktig at det er kort responstid for alle naudetatar, seier Distad.

Må balansere mellom beredskap og andre oppgåver

Politimeister Ronny Iden har stor forståing for at ordføraren uttrykkjer uro, og legg til at å vente 56 minutt på kaia i Flåm er for lang tid.

– Det er ikkje tilfredsstillande for dei som vert involverte eller meg som politimeister at det tek så lang tid, seier Iden.

Ronny Iden

MÅ PRIORITERE: Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden.

Foto: Truls Kleiven

– Kva kan ein gjere for å unngå fleire slike hendingar?

– Det vi kan gjere er å setje fleire folk inn i beredskapsteneste. Men det vil gå ut over andre prioriterte oppgåver. Det er ei ganske vanskeleg øving som vi prøver å balansere så godt som råd, seier Iden.

Vil førebels ikkje konkludere

Fungerande avdelingsdirektør for beredskap Steffen Ousdal i Politidirektoratet meiner det er for tidleg å kommentere responstida i Sogn og Fjordane. Direktoratet ønskjer eit høgare tal av utrykkingar før dei konkluderer.

– Vi kjem til å gjere vurderingar i løpet av dette året og neste, og sjå om det er behov for å justere krava noko, seier Ousdal.

– Meiner du å justere krava, eller justere talet på politibetjentar ute i distriktet?

– Alle er kjende med at vi står ovanfor ei politireform. Frå 1. januar 2016 vil politidistrikta sjå litt annleis ut. Det er ikkje nokon grunn til å tenkje seg at resultata vil sjå annleis ut på kort sikt, men på lang sikt har vi ein ambisjon om at reforma vil bidra til fleire operative ute, seier Ousdal.

Steffen Ousdal

NYTT KART: Fungerande avdelingsdirektør for beredskap, Steffen Ousdal i Politidirektoratet, meiner det er for tidleg å kommentere responstida i Sogn og Fjordane.

Foto: Politidirektoratet

Lensmann Magne Knudsen ønskjer måling av responstid velkomen, men vedgår at det samstundes er ei belastning.

– Det blir ei belastning for mannskapa som heile tida må sjå på klokka for å sjå på om dei held seg innanfor eit tidspunkt som det vert stilt krav om. Men fokus på eigen tryggleik er prioritet nummer éin, slik at du får gjort ein jobb når du kjem fram, seier Knudsen.