Hopp til innhold

NVE: – Kutt i vedlikehald vil kunne koste dyrt

HERMANSVERK (NRK): Vedlikehald på og langs vegane er ein viktig del av førebygge flaum og skred, meiner NVE. Samstundes vurderer fylkeskommunen kutt i nettopp dette.

Hege Hisdal i NVE

KLIMAENDRINGAR: Klimakoordinator Hege Hisdal legg fram klimaprofilen for fylket, for politikarane i fylkestinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Meir flaum, skred og ekstrem nedbør. Det var innhaldet i den dystre klimaprofilen som vart lagt fram for fylkestinget onsdag. Men det finst tiltak for å møte endringane, meiner NVE, som har vore med på å lage profilen.

– Eg trur at om ein klarar å ta omsyn til dette i arealplanlegging, og halde fokus på vedlikehald, så vil ein ha sjansen til å unngå at ein får fleire skader sjølv om klimaet endrar seg. Og så er det viktig å samstundes tenke på at ein må få ned utsleppa, slik at klimaendringane blir minst mogleg, seier klimakoordinator i NVE, Hege Hisdal.

– Vedlikehald er førebygging

Ho er ikkje i tvil om at kutting i vedlikehald på vegane vil vere feil veg å gå.

Reinsking av grøfter og stikkrenner er blant tiltak som kan bli kutta i dersom fylkeskommunen må kutte i samferdslebudsjettet.

– Om du kuttar på vedlikehald, då kuttar du på førebygging, og då får du igjen etterpå i form av utgifter på reparasjon. Så eg trur at det å førebygge er pengar spart, seier Hisdal.

Fylkesordførar Jenny Følling meiner profilen er nyttig. Å redusere utslepp og halde fylkesvegnettet i godt stand, har vore og vil vere viktig for fylkeskommunen, meiner ho.

– Fylkeskommunen har vore ein god vegeigar for fylkesvegnettet. Det syner faktisk dei utgreiingar som vi har. Men det må vi vere i framtida også, seier ho.

Må kutte på samferdsle

Men pengane set ein stoppar for dette. NRK fortalde i går at fylkeskommunen vil forsøke å spare inn 40 millionar kroner på samferdsle.

– Det som er vår utfordring er at om vi skal bruke meir pengar på førebygging, så blir det mindre på skule og andre tenester. Og då står vi overfor den veldig tøffe prioriteringsskvisen, seier Følling.

Ho meiner likevel at det er viktig å bruke pengar på tiltak for å møte klimaendringane.

Noralv Distad

MÅ KJEMPE FOR PENGAR: Leiar i samferdsleutvalet, Noralv Distad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg vil be regjeringa om å løyve meir pengar. Og vi har bede om at det blir etablert eit fylkesvegfond som greier å ta i vare standarden på fylkesvegnettet, slik som det no ligg i Nasjonal Transportplan for riksvegnettet, seier Følling.

Også leiar i samferdsleutvalet i fylket, Noralv Distad, meiner fylkeskommunen og kommunane må ta ansvar. Men han vedgår samstundes at det er utfordrande.

– Vi har eit etterslep på fylkesvegnettet. Vi har store utfordringar og treng midlar. Det må vi kjempe vidare for å få, seier han.