Hopp til innhold

No planlegg dei stor aksjon for å finne Christer

Politiet og frivillige redningsorganisasjonar går no i lag om eit svært omfattande søk etter den sakna Christer (37).

Leitar etter Christer

FORSVANN: Christer forsvann då han var ute og gjekk tur på Haukåsen i Sogndal 9. mai.

Foto: Privat

Han forsvann på Haukåsen i Sogndal 9. mai i år då han var ute på tur med to tilsette ved institusjonen han bur på. Etter det har ingen sett Christer, og politiet har ikkje funn som kan gje nokon peikepinn på kvar han blei av.

No kan regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, fortelje at ein omfattande aksjon er under planlegging seinare i sommar.

– Vi planlegg eit stort søk i terreng i lag med Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps, mest truleg tidleg i juli. For å få til dette må det søkjast om midlar via Hovudredningssentralen, seier Johannesen.

Før den tid vil det også gjennomførast eit søk med fleire politihundar frå Vest politidistrikt.

– Det står att i terreng som vi vil ha finsøket. I neste veke får inn sju-åtte politihundar frå Bergen som skal hjelpe oss.

Parallelt med vidare søk i terrenget, driv politiet også etterforsking på andre måtar. Mellom anna er de gjort ei rekkje avhøyr og gjennomført rekonstruksjonar for å kartleggje kva som skjedde då Christer forsvann.

– Vi jobbar nokså breitt og skaffar oss eit best mogleg bilete over situasjonen. Vi har hatt eit møte for å kome fram til alt som er gjort og planar vidare. Vi opplever at elva vi har søkt i er gjennomsøkt på ein svært god måte.

Fylkeslegen har på sjølvstendig grunnlag varsla at dei vil føre tilsyn både mot Melås Helse, som hadde ansvaret for mannen, og Christer sin heimkommune.