Hopp til innhold

No kjem regnet – fylket går to krevjande døgn i møte

Dei neste to dagane er det varsla til dels store nedbørsmengder. NVE og fleire kommunar i fylket aukar no beredskapen for å møte flaumen som kan kome.

Jostedøla brun etter raset

RASTE I GÅR, I DAG KJEM REGNET: Elva Jostedøla i Luster vart farga brun etter raset som gjekk i Krundalen tidleg i går. I dag og i morgon kjem nedbøren som aukar faren for nye ras og flaum.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Allereie i morgontimane i dag byrja det å regne over store delar av fylket. I morgon er det varsla sterke lokale byer.

– Det er desse byene eg er mest uroa for. Dei blir meir intense og vi veit ikkje heilt kor dei kjem, regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Går to spanande døgn i møte

Meteorologisk institutt melder om opp mot 30-50 millimeter nedbør i løpet av dagen og har sendt ut obs-varsel. Men framleis vil det gå fleire timar før ein ser følgjene.

Leina kraftstasjon i Flåm

STOR VASSFØRING: På Leina kraftstasjon i Flåm vart vassføringa i dag tidleg målt til 107 kubikkmeter i sekundet.

Foto: Arne Veum / NRK

Samdal seier det er knytt størst spaning til korleis dei indre delane av fylket vil reagere på kombinasjonen smeltevatn og no regn. Spesielt Lærdal og Aurland er utsette, men òg Årdal, Luster og Stryn.

– Det er mange vassdrag som skal følgjast med og mange kommunar som er i beredskap. Det er viktig for å forhindre det som skulle vere i emning, seier han.

Heldigvis er det noko mindre snøsmelting i fjella no, etter at toppen vart nådd på laurdag. Det betyr ikkje at faren for flaum er svekka.

– Framleis er det betydeleg og i kombinasjon med regnet er det ein del vassdrag som kjem til å få ein del utfordringar dei neste to døgna, seier Samdal.

Følgjer situasjonen time for time

Sideelvene til Lærdalselva er blant dei som blir følgt tett. Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, seier han er spesielt uroa for elvene dei ikkje fekk reparert etter storflaumen sist haust.

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

FØLGJER MED: Ordførar i Lærdal seier dei følgjer tett med på tilstanden i dei mest utsette vassdraga.

– Dei har ganske mykje lausmassar i seg. Det såg vi under den første vårflaumen, då snøsmeltinga var på topp. Hovudelva vart heilt grå, på grunn av massane som ligg i fire-fem av sidevassdraga våre.

Difor har kommunen folk som følgjer situasjonen time for time. Teknisk drift har mannskap ute for å sjekke bruer og kanalar, for å sjå om det byggjer seg opp enkelte stader.

– Viss dei største byene kjem i dei mest utsette vassdraga, då kan det oppstå problem i Lærdal, seier han.