Hopp til innhold

Misjonærane kjenner seg trygge

– Det er ubehageleg, men vi opplever det som trygt her vi er, seier Ingvald Andersen Frøyen frå Naustdal om terrorangrepet på Mali. Misjonsselskapet vurderer å trekkje ut sine misjonærar i Bamako.

MALI-UNREST-HOTEL

TERROR: Jihadistar har slått til mot eit hotell i hovudstaden Bamako i Mali.

Foto: Sebastien RIEUSSEC / Afp

Jihadistar har angripe eit Radisson Blu-hotell i sentrum av hovudstaden Bamako. Ifølgje kjeda blir 140 gjester og 30 tilsette haldne som gislar.

Ingvald Andersen Frøyen er ein av tre norske misjonærar for Det Norske Misjonsselskap i Bamako. Dei har fått beskjed om å halde seg innandørs inntil vidare.

– Hotellet er nokre kilometer frå oss, så vi verken ser eller høyrer noko av det vi les i internasjonale medium. Men vi merkar at det er litt stillare enn vanleg, seier Frøyen.

– Ikkje nytt

Hotellkjeda Rezidor Hotel Group opplyser at det er to gisseltakarar, medan den maliske generalen Modibo Nama Traore opplyser til Ap at det skal vere ti menn. Vitne har høyrt skyting frå hotellet.

Ingvald Frøyen

ARKIVFOTO: Ingvald Andersen Frøyen frå Naustdal er misjonær i Mali. – Det er ubehageleg situasjon, men vi opplever oss trygge her vi er no, seier han.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ifølgje avisa Jeune Afrique skal det vere fleire ofre. Hotellet er kjent som det dyraste og flottaste hotellet i byen, og har mange vestlege gjester.

– Det er ikkje nytt at det skjer i Mali, men det er nytt at det skjer i hovudstaden og at det er så stort. Dette hotellet er det finaste i heile byen, det blir nytta av vestlege diplomat og flypersonell, seier Frøyen.

Kjenner seg trygg

Frøyen reiste første gang til Mali i januar 1993, og var der til desember 2001. Tidlegare i år reiste han ned att for å jobbe i staben i den tverrkyrkjelege misjonsorganisasjonen som misjonsselskapet er del av.

Hotellet i Mali

VESTLEG: Radisson Blu-hotellet har mange vestlege gjester.

Foto: Radisson

Naustedølen bur nokre kilometer frå hotellet som er angripe. Frøyen kjenner seg trygg.

– Byen har litt over to millionar, vi bur litt i ytterkanten og langt frå dei store internasjonale hotella, regjeringskvartal og det som kan skildrast som typiske mål, seier han.

Vurderer å trekkje ut

Kommunikasjonssjef i Det Norske Misjonsselskap, Sigurd Egeland, opplyser at alle misjonærar og tilsette i samarbeidsorganisasjonen i Mali er i god behald. I ettermiddag vurderer beredskapsgruppa i Misjonsselskapet om dei trekkjer ut sine folk, eller ikkje.

– Vi har hatt mykje meir problem, og måtte halde folk vekke lenger nord i Mali. Bamako har vi rekna som ein trygg plass, så vi må gjere ei heilt ny vurdering, seier han.

– Kva vurderingar?

– Vårt fokus er at ingen skal kjenne seg utrygge eller bli utsett for situasjonar som går utover liv og helse. Vurderingane blir gjort ut frå det som kjem fram i media, men også det våre folk fortel.