Hopp til innhold

Vitne til NRK: – Eg kjenner meg ikkje trygg

Nouhoum Salif Mounkoro har levd mange år i Norge. No opplever han gisseldramaet i Mali på tett hald. – Arbeidsplassen vår er stengt av og vi får ikkje gå ut.

Gisselaksjon i Mali og Nouhoum Salif Mounkoro montasje

GISSELDRAMA: 170 gjester på Radisson Blu-hotellet i Malis hovudstad Bamako blir heldt som gislar.

Foto: Sebastien RIEUSSEC / AFP/Privat

Dramatiske meldingar om ein gisselaksjon i hovudstaden Bamako i Mali har nådd heile verda i dag. Ifølge nyheitsbyrået AFP vert 140 gjester og 30 tilsette halde som gislar på eit Radisson Blu-hotell i sentrum av Bamako.

Nouhoum Salif Mounkoro har studert og jobba i både Bergen og Oslo i mange år. No jobbar han hjå Minusma, som er ein del av FN sitt stabiliseringsprogram i Mali.

Mounkoro har kontor i Bamako kring seks kilometer unna gisseldramaet på hotellet.

– Vi er ikkje langt unna og har ikkje heilt oversikt over kva som skjer der ute. Bygningen her er no stengt av og vi får ikkje gå ut, fortel Mounkoro til NRK på telefon frå Bamako.

Får meldingar frå folk på hotellet

Nouhoum Salif Mankaro

Nouhoum Salif Mankaro har studert og arbeida som rådgjevar i både Nav og Husbanken i Norge i fleire år. No jobbar han i heimlandet Mali i FN sitt stabiliseringsprogram.

Foto: Privat

Han fortel at tryggleikstiltak er sett i gong og at mange vakter er på plass i bygningen til MINUSMA. Mounkoro seier også at det er mykje politi og militære styrkar i Bamakos gater akkurat no.

– Det er heilt utruleg tragisk. I dag er det også fredag, noko som i Mali betyr at mange er ute i gatene. Hendinga pregar oss. Og vi veit ikkje korleis dette kjem til å gå.

– Eg kjenner meg ikkje trygg.

Mounkoro seier det kjem meldingar og beskjedar frå folk som anten er på sjølve hotellet eller er enno nærare enn det han og kollegaene er.

– Ein av kollegaene mine har nettopp fått melding om at ein av hennar venner er på taket av hotellet. Så vi får litt informasjon inn på mobiltelefonane våre.

Mounkoro veit so langt ikkje om han kjenner nokon som er på hotellet no, men han har tatt kontakt med venner og kjenningar for å sikre seg at dei er trygge.

Utsikten fra 16.etasje i FNs bygg i Mali

Nouhoum Salif Mounkoro er i 16.etasje på Minusma sitt bygg i Mali. Dette biletet har han tatt i dag.

Foto: Nouhoum Salif Mounkoro / Privat

– Tragisk

Han kallar heile situasjonen for tragisk og uventa.

– Hensikta til gjerningspersonane er å spreie frykt. Akkurat no veit eg ikkje heilt kva eg føler. Det kjennest veldig rart at det skjer her, så nære.

Det skal vera jihadistar som har gått til angrep på Radiosson Blu-hotellet. Vitner fortel at gjerningspersonane kasta granatar og fyrte av med automatvåpen då dei gjekk til angrep.

Ifølgje ein journalist i Maliweb.net som er på staden, skal 13 væpna personar ha kome på firehjulstrekkarar og tatt seg forbi tryggingsvaktene. Det skal også ligge skadde og døde utanfor hotellet, melder nettstaden.

Utanriksdepartementet seier dei jobbar med å innhenta informasjon om nordmenn i området. Sidan 2013 har UD anbefalt å ikkje reisa til Bamako om det ikkje er heilt naudsynt.