Hopp til innhold

Musikken betyr alt for 17-år gamle Martine

– Musikken er det einaste eg kan. 17 år gamle Martine Håland kan ikkje sjå føre seg ei framtid utan musikk. I helga fekk ho inspirasjon til å finne ei framtid som musikar.

Martine Håland

FEKK VISA SEG FRAM: 17 år gamle Martine Håland var takksam for ein plass på Blest-scenen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Musikkbransje og artistar i Hordaland og Sogn og Fjordane samla seg til eit musikalsk koldtbord i Førde i helga under årets Blest-festival. For 17-år gamle Martine Håland var det stort å få vere med på samlinga.

Blest-festival

GOD STEMNING: Eit avslappa publikum på konsert med Martine Håland

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Eg har liksom aldri vore flink til noko anna enn musikk. Det er veldig utenkeleg at eg skal drive på med noko anna enn musikk i framtida. Eg kan ikkje sjå for meg noko anna.

– Det er store avstandar. Ein føler seg verkeleg som ei øy, og dei bruene det vert snakka om, dei har ein ikkje sett noko til.

Frida Ånnevik

Musikar på heiltid

Håland snakkar med stjerner i augo, og drøymer om eit liv med musikk på fulltid. Men det er mange som klorer på døra til musikkbransjen, og det å sitje i ei lita bygd i utkant-Noreg og snikre på draumane sine er ikkje for den som trur på snarvegar og evige solskinsdagar i nedoverbakke.

– Utfordringa er det å spela nok, og koma seg ut nok. Det skjer ikkje alltid så mykje i ei lita bygd. Du må koma deg lenger. Difor er det viktig med slike arrangement som dette. Her kan me få kontaktar andre stadar i landet.

Kan vera einsamt

Spellemannspris-vinnar Frida Ånnevik kjenner seg att, og meiner unge artistar i utkanten må ha enorm tru på seg sjølv for ikkje å miste motet når ingen heier på sidelinja.

– Det har eg erfaring med sjølv, og det er verkeleg ein fest! Ho skrattler av sin eigen sarkasme, og utdjupar:

– Det er store avstandar. Ein føler seg verkeleg som ei øy, og dei bruene det vert snakka om, dei har ein ikkje sett noko til, seier Ånnevik.

(Saka held fram under bilete)

Frida Ånnevik

KYNDIG LÆRAR: Frida Ånnevik er ein prisvinnande tekstforfattar, og synst det er gjevande å hjelpa ferske artistar.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Ho byrja sjølv på bygda, men arbeider- og bur no i hovudstaden. Ho meiner alle har behov for fagleg påfyll og viser til at samlingar som Blest er av den bra sorten.

– På slike møter ser ein at ein ikkje er åleine. Ein ser at andre jobbar med det same, har dei same problema og lurer på dei same tinga.

– Så kan ein reisa heim der ein er i artistkarrieren sin, og arbeida med dei problemstillingane, og vite at me treffest neste år, eller på konsert snart, seier Ånnestad.

Vil hjelpa dei på vegen

Prosjektleiar for "Brak Sogn og Fjordane", Katrine Clausen Fredheim, vonar at dei kan hjelpa artistar og aktørar i distriktet med inspirasjon, eksponering og nye kontaktar gjennom ei Blest-helg med breitt og tett program.

Katrine Clausen Fredheim

PROSJEKTLEIAR: Katrine Clausen Fredheim vonar Blest kan samla bransjen i distriktet meir.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Målet med Blest er å gje artistane ein dytt på vegen. Her får dei ei scene å spela på, og dei får visa seg fram for folk frå management og bookingbyrå som er her og ser på.

Clausen Fredheim presiserer at det også er viktig å gje dei kunnskap nok til å hjelpe artistane vidare.

– No skal me rima!

For 17-åringen Martine Håland var det også eit mål for helga å få med seg eit låtskrivarkurs med Frida Ånnevik som instruktør.

(Saka held fram under bilete)

Låtskrivekurs

JOBBAR HARDT: Kursdeltakarane arbeidde med tekst og skriveprosess.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Hoppe, floppe, loppe, stoppe! Rim no, køyr på! De har to minutt! kommanderer kurshaldaren.

Ånnevik vann Spellemannsprisen for beste tekstforfattar for "Ville ord", og vart også den første vinnaren av Tekstforfatterfondets debutantpris «LYSPUNKT». Ho synst det er gjevande og stimulerande å halde kurs for aspirerande artistar.

Korleis leve av musikken?

For 17 år gamle Martine Håland har musikktreffet vore lærerikt. Ho håpar berre ho skal klare å livnære seg i framtida som artist.

– Eg har lyst å kunne driva med musikk gjennom undervisning, som låtskrivar, og sjølvsagt delvis og som artist, seier Martine Håland.

(Saka held fram under bilete)

Martine Håland

NYE VERKTØY: Martine Håland fekk nye idear og inspirasjon på låtskrivarkurset med Frida Ånnevik

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Ånnestad meiner det er små sjansar for å verta spontan-oppdaga i ei lita bygd.

– Det handlar mykje om det å ikkje bry seg for mykje om respons. Ein må ha tru på seg sjølv gjennom å ha eit så nært forhold til musikken sin, og så mykje tru på musikken sin, at ein klarer å stole på at det er bra.

Eit steg i gongen

Martine Håland meiner det er mykje bra musikk frå distrikta som aldri får vist seg fram, og synst det er trist.

– Eg er oppteken av at musikk skal ha ei kjensle. Du skal kunne kjenne deg att i musikken.

Martine trur på hardt arbeid, musikk med sjel og tolmod.

– Om du ser føre deg ei trapp, så treng du ikkje gå rett til topps med ei gong, slår ho fast.