Hopp til innhold

Desse er klare for Blest

Desse får vise seg fram når musikkbransjen i Sogn og Fjordane møtast til fylket sin versjon av Bylarm.

Lets be light
Foto: Pressefoto

Til saman elleve band frå Sogn og Fjordane og Hordaland fyller plakaten når Blest 2013 går av stabelen i Førde fyrste helga i oktober.

Varierte artistar

Artistane som skal spele på årets Blest-arrangement er jamt fordelt mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, og frå før er Fröder og Sva Marga klare. No har juryen plukka ut dei ni andre som er klare for Blest.

64 påmelde band

Blest-juryen har vurdert heile 64 påmelde band som ønska å få vise seg fram for musikkbransjen. Juryen består i år av Tonje Elisabeth Peersen frå Peersen Production og manager for Enslaved, Viggo Randal som er festivalsjef for Utkantfestivalen og Pål Fidjestøl som er kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane

Drusar på Blest 2012

Drusar er eit av mange band som har spelt på Blest dei to siste åra. Rockebandet fekk speletid på Blest i 2012.

Foto: Pressefoto / BRAK

Dei øvrige artistane til årets Blest er Djønne & Bjørsheim, Lets Be Light, Linda Gytri, Sherpa, Miss Tati, Nifrost, Special Kids Unit, Tiebreaker og Maylen Rusti.

Rock, elektro og folkemusikk

Sjangermessig spreier artistane seg frå både populærmusikalsk folkemusikk via elektropop og hiphopfløring til hardrock og metal, så årets Blest bør famne breitt for alle som er musikkinteresserte. Alle konsertane er opne for publikum, og her er det mogleg å oppdage morgondagens store artistar frå regionen!

Sogn og Fjordane sitt Bylarm

Blest er den største møteplassen for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane og Hordaland og vart arrangert av Brak for fyste gong på Eid i 2011. I 2013 vert Blest arrangert på Sunnfjord Hotel i Førde. Blest vert ei helg spekka med konsertar, kurs og workshops. Det jobbast for at flest mogeleg frå musikkbransjen i regionen skal samlast, både artistar, arrangørar og andre aktørar.

Her er artiklar frå tidlegare Blest-arrangement:

Ny scene og stort kursoppleg

Nytt av årets Blest-arrangement er ei akustisk scene som blir fylt av musikk laurdag kveld, samt eit breiare og betre kurstilbod enn nokon sinne. Det vert ulike kurstilbod tilpassa ulike deler av bransjen, særleg retta mot artistar og arrangørar i regionen, til dømes kurs innanfor plateutgjeving for artistar og konsertpromotering og streaming for arrangørar.