Hopp til innhold

Alle basestasjonar er utbrende - Telenor ber folk la vere å ringje

Dei 13 basestasjonane som Telenor har hatt i Lærdal sentrum er fullstendig utbrende. Det betyr at både fastnett og mobilnett er nede. Telenor ber folk la vere å ringje i utrengsmål.

Alt som er att

BERRE MASTA ATT: Her er alt som er att av Telenor sitt bygg i Lærdal etter brannen.

Foto: Arni Fjølsnisson

– Telebygningen er også nedbrend og det får konsekvensar. Omtrent alle basestasjonane i Lærdal sentrum og nærområdet er nede, fastnettet er nede, og det same er internett, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Telenor kjem seg heller ikkje inn i området på noverande tidspunkt.

– Vi jobbar med førebuande tiltak, får tak i container og klargjere den for å få den over til Lærdal, slik at når vi kan få komme inn i området, så kan vi få ting i orden att så raskt som råd, seier Amundsen.

Har éin basestasjon på Mannheller

Men nøyaktig kor lang tid det vil ta å få til eitt eller anna form for samband i Lærdal, er Amundsen usikker på.

– På ferjekaien på Mannheller er det kommunikasjon. Det er næraste staden der det går an å bruke mobiltelefon i dag, så det vi gjer er å auke kapasiteten på den, samt ein del andre stasjonar som ligg litt lenger unna, seier Amundsen.

Telenor har allereie no klare aggregat ved Lærdalstunnelen, men dei kjem førebels ikkje inn.

– Vi reknar med at vi får det klargjort og sendt i løpet av dagen. Men når vi får starta arbeidet inne, er det berre politiet som kan svare på, seier Amundsen.

Han er klar på at det vil ta tid å få reparert basestasjonane.

– Det er 13 basestasjonar som er ute frå Fodnes i vest til nesten i retning Filefjell. Vi ser på å reetablere samband andre stader ifrå, men eg kan ikkje gi noko tidsestimat per i dag, seier Amundsen.

(Artikkelen held fram under videoen)

SE VIDEO: Her er alt som er igjen av Telenors bygg i Lærdal etter brannen.

Jobbar med førebuande tiltak

– Er det mogleg at ein kan bli så isolert i 2014?

– Det er ei ganske dramatisk hending når eit heilt samfunn brenn ned slik. Det vi har fokus på no, er å jobbe med førebuande tiltak for å få på plass så mange basestasjonar så raskt som råd, seier Amundsen.

– Store deler av infrastrukturen er fullstendig oppbrend. Då er det ikkje berre å vri på ein brytar for å få det på att, seier Amundsen.

Han har følgjande råd til folk i Lærdal:

– Det er satellitt-telefon. Og så er det den basestasjonen som dekkjer Mannheller. Eg vil be folk om å ikkje sitje i lange samtalar, for der vil vi nok få kapasitetsutfordringar, seier Amundsen.

Ber folk ikkje overbelaste nettet

Det vert jobba fortløpande med å utvide kapasiteten på 2G og 3G på denne.

– Vi har ein basestasjon litt lenger nordaust på Naddvik, elles er det ganske daudt i dette området, seier Amundsen.

Han rår folk til å la vere å ringje, viss dei ikkje treng det.

– Viss det ikkje er kritisk, så ville eg ikkje overbelaste nettet som er rundt. Vi følgjer dette frå time til time, seier Amundsen.