Hopp til innhold

Er ikkje i tvil om at samarbeid har berga liv

Brannvesenet i Vågsøy har for lengst formalisert samarbeidet med redningsskøytene. Brannsjef Helge Hjelle er klokkeklar på at det har berga både liv og materielle verdiar.

Helge Hjelle om samarbeid med redningsskøytene ved brann

VIKTIG OG NØDVENDIG: Seier brannsjef Helge Hjelle om samarbeidet mellom brannvesenet og redningsskøytene. Brannbilete til høgre er frå ein lyngbrann på Husevågøy i Vågsøy i slutten av mars 2013.

Foto: Montasje: Cosmin Cosma/NRK/Elisabeth Furnes

– Samarbeidet er viktig, og det har vist seg å vere livreddande i enkelte tilfelle, det er det ikkje den minste tvil om, seier Hjelle til NRK.no.

I hans kommune har dei gjort alvor av pratet om å samarbeide tett med Redningsselskapet. Hovudbåten selskapet har i Sogn og Fjordane, redningsskøyta RS Halfdan Grieg, ligg til kai delvis i Florø og delvis i Måløy. Med både brannpumpe og brannkanon om bord kan den vere til stor hjelp ved brann på og ved sjøen.

– Vi har eit veldig godt og nødvendig samarbeid med redningsskøytene som er plasserte i Måløy, seier brannsjefen.

Dei har inkludert både redningsskøyta RS Halfdan Grieg, og den litt mindre skøyta, RS Simrad Buholmen, i sine beredskapsplanar. Simrad Buholmen blir ofte blir omtalt som ein MOB-båt av folk i området, og blir mykje brukt til rask transport av brannfolk.

Vil bli brukte meir når det brenn

Alle dei 41 redningsskøytene langs norskekysten er utstyrte med brannpumpe og brannkanon. Slik kan dei sløkkje brannar i både båtar til sjøs eller ved kai, og i busetnad eller andre bygg som ligg nær sjøen.

Redningsselskapet har uttrykt frustrasjon over at dei ikkje alltid blir brukte når det brenn, og seier dei gjerne vil bli brukte meir.

I Sogn og Fjordane har selskapet sendt brev til alle kommunane med detaljert informasjon om kva dei tre lokale redningsskøytene kan bidra med. Målet er å bli ein del av beredskapen.

– Ei redningsskøyte er nesten som ein brannbil til sjøs. Sjøen er vår motorveg og vi kan ta oss raskt fram, seier distriktsansvarleg Martin Igland Malkenes til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsskøyta RS Harald V i Flatanger

VIL BLI BRUKTE MEIR: Redningsselskapet har i ein kronikk i Aftenposten gitt uttrykk for at dei svært gjerne vil bli brukte meir når det brenn. På biletet ser vi redningsskøyta RS Harald V i sving under brannen i Flatanger i januar i år.

Foto: Bjørn Tore Ness / NTB scanpix

Har utarbeidd konkrete planar

I Vågsøy har brannsjefen for lengst blitt klar over kor viktig redningsskøytene kan vere for beredskapen. Helge Hjelle seier samarbeidet strekkjer seg fleire tiår tilbake i tid.

– Vi har utarbeidd planar der begge redningsskøytene er sentrale element i vårt redningsarbeid. Både for hamna, øyane og nærliggande område, seier den røynde brannsjefen.

Heilt konkret har brannvesenet og mannskapet på redningsskøytene reist rundt i kommunen for å sjå nærare på forskjellige område. Slik har dei laga detaljerte planar for korleis dei skal gripe situasjonen fatt om brann oppstår.

– Vi har planlagt kor skøyta og MOB-båten kan leggje til for å komme nærast mogleg inn til eit eventuelt brannobjekt på ei av øyene. Det er ikkje alle plassane der det er kaier tett opptil der ting kan skje, forklarar Hjelle.

– Utan kunne det gått liv

Brannsjefen seier dei fleire gonger har fått stadfesta kor viktig samarbeidet er. For nokre år tilbake byrja det brenne i ein sjark på Stadhavet. Takka vere MOB-båten, RS Simrad Buholmen, kom brannvesenet seg raskt til staden, fortel Hjelle.

– Vi fekk melding om at ein sjark stod i brann på Stadhavet. Vi rykte då ut med minimalt med brannutstyr for å få ein hurtig respons, og tok oss ut til båten med MOB-båten.

– Då vi kom fram var sjarken overtent, så det var lite å berge av den. Vedkommande om bord hadde halde seg fast i båten i sjøen og dukka under vatn for å kome unna flammane.

Kort tid etter at dei var framme var båten så totalskadd at den gjekk ned.

– Då hadde ikkje vedkommande noko å halde seg fast i, for han hadde ikkje fått på seg verken livbelte eller overlevingsdress.

– Utan MOB-båten den gongen hadde det gått liv, seier brannsjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Bergmann, skipper på redningsskøyta Halfdan Grieg
Foto: Privat

Brukte varmesøkjande kamera

Hjelle trekkjer også fram eksempel der samarbeidet mellom brannvesenet og redningsskøytene har berga materielle verdiar. I slutten av juni i fjor byrja det brenne i ein båt i småbåthamna på Raudeberg.

Her hjelpte både RS Halfdan Grieg og den mindre skøyta, Simrad Buholmen, til med sløkkjearbeidet.

– Brannen utvikla seg ikkje slik den kunne ha gjort, og tre båtar vart skadde. Vi rekvirerte både skøyta og MOB-båten og i slike tilfelle er dei uunnverlege, seier Hjelle.

Det var skøytene også i påska i fjor, då ein lyngbrann truga to hus på Husevågøy. Det såg lenge stygt ut, men mannskapet som rykte ut fekk til alt hell raskt kontroll. Dei vart skyssa til øya av redningsskøyta og fekk stor hjelp av mannskapet i sløkkjearbeidet.

– Dette var før vi i brannvesenet fekk varmesøkjande kamera sjølv. Så medan vi dreiv med sløkking på land hjelpte mannskapet på skøyta oss med å finne ut kor det ulma i bakken og dirigerte oss dit, forklarar Hjelle.

– Sikrar raskare og betre respons

Per Bergmann er skipper på redningsskøyta RS Halfdan Grieg. Han seier dei berre har gode erfaringar med samarbeidet med brannvesenet i Vågsøy kommune.

– Vi har diskutert korleis vi skal gjere det ved eventuelle brannar, vi har øvd ein del saman og vi har vore på reelle hendingar i lag, seier Bergmann til NRK.no.

Opp gjennom åra har dei fleire gonger spelt på lag ved brann i båtar eller i kystnære område i regionen.

Med svært mange oppdrag i løpet av året er det vanskeleg for skipperen å trekkje fram konkrete eksempel i farta. Men han er heilt klar på at samarbeidet er viktig for både folk og busetnad.

– Brannvesenet kjenner oss, og vi kjenner dei. Dermed går det mykje greiare og fortare når ein situasjon oppstår, seier han.

– Dei treng ikkje tenke på å ta med seg så mykje utstyr, fordi dei veit kva utstyr vi har. Då kan vi vere raskt på veg frå kai, seier han.

Tek gjerne turen for å vise fram båten

Skipperen seier mannskapet på redningsskøyta gjerne tek turen til andre stader i fylket, for å vise båten og utstyret fram for andre brannvesen.

– Å ja, vi stiller gjerne opp, seier han og held fram: – Det er ein fordel for alle kommunar som har brannvesen å vite kva vi kan levere av utstyr. Har dei til dømes slangar kan vi ligge nesten kor som helst og pumpe vatn inn over land, seier han.

Brannsjef Helge Hjelle i Vågsøy har berre positive erfaringar med samarbeidet med skøytene. Han har ingen problem med å anbefale brannsjefkollegaer i andre kommunar å få i stand liknande.

– Så sant dei har behov for det og kjem i situasjonar der dei kan ha nytte av skøyta og MOB-båten, så anbefaler eg dei å bruke dei, seier han.