Ingen personar vart skadde då det byrja å brenne i ein 26 fot stor lystbåt som låg fortøydd ved holmen.
– Det var ingen om bord i båten, så slik sett var det heile udramatisk. Men det er usikkert kort mykje ein klarer å berge av båten. Overbygget skal vere ganske utbrent, seier operasjonsleiar Bjarte Engevik ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Redningsskøyte på veg
Brannen vart meldt alarmsentralen klokka 2040. Brannvernet i Florø rykte ut med ein Sea Service-båt og var framme etter ti minuttar.
Etter å ha vore i land på holmen vart to personar hjelpelaust vitne til flammane som herja då dei kom attende til båten.
– Då vi fekk meldinga fortalde innringar at det brann godt bak med kalesjen. Brannvernet fekk hjelp frå både Kystvakta og Redningsskøyta Halfdan Grieg med å få vatn på, men det var lite dei kunne gjere, fortel Espen Rysjedal ved brannalarmsentralen i Florø.
Sokk ved kai
Klokka 21.45 opplyser politiet at brannen er sløkt, og at havaristen er under slep til kai i Florø. Berre skroget skal vere att av båten.
Politiet opplyser at båten sokk då kom til kai, og ein måtte ha hjelp av dykkar og kranløft for å heve den igjen.
Politiet etterforskar saka.