Hopp til innhold

Lødemel uønskt av Gloppen Høgre

Stortingspolitikar Bjørn Lødemel er uønskt på Gloppen Høgre sitt årsmøte i helga. Årsaka er striden om kor E39 skal gå i framtida.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

VART INVITERT, MEN: Gloppen Høgre vil likevel ikkje at Bjørn Lødemel skal kome på deira årsmøte til helga.

Foto: Oddleif Løset/NRK

For ei veke sidan stod Høgre-politikaren fram med eit standpunkt som overraska mange. Medan han lenge har gått for at E39 også i framtida skal gå via Anda-Lote, har han no snudd.

Snuoperasjonen der Lødemel no går for E39 om Stryn har falle glopparane tungt for brystet.

Leiar Anniken Rygg i Gloppen Høgre seier dei no har sagt at Lødemel likevel ikkje er ønskt på årsmøtet deira.

– Uttalen kom svært overraskande på oss og vi vart svært skuffa. Invitasjonen frå oss vart sendt før snuoperasjonen, seier Rygg til NRK.no.

Sendte invitasjon, men takka så nei

Lødemel har tidlegare kjempa for at E39 skal gå over bru mellom Gloppen og Eid og så tilbake til nybygde Kvivsvegen, det mykje omtala S-alternativet.

No meiner han derimot, som fylkeskommunen i Møre og Romsdal og Statens vegvesen, at vegen bør gå frå Byrkjelo og om Stryn.

Snuoperasjonen har skapt stor uro i Gloppen Høgre. Så dårleg likar dei stortingspolitikaren sitt nye standpunkt at Anniken Rygg, kommunestyregruppa og styret i Gloppen Høgre har gitt beskjed om at dei ikkje vil ha han på besøk på årsmøte.

Eit møte dei i utgangspunktet hadde invitert han til.

– Bakgrunnen er dei siste utspela frå Bjørn Lødemel om E39.

– Gloppen Høgre har tenkt å bruke årsmøtet til å jobbe med mellom anna denne saka, og då takka vi nei til at han skulle kome møte oss, seier Rygg.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

INDRE LINJE: Lødemel har lenge stått for at E39 i framtida bør gå via Anda-Lote, men no har han snudd og vil heller ha vegen om Stryn.

Foto: Statens vegvesen

Vil jobbe med uttale

Kjelder i Gloppen Høgre seier til NRK at Lødemel har brent sine bruer til Gloppen med snuoperasjonen om E39. No ynskjer lokallaget ro på helgas årsmøtet mellom anna for å komme med ein uttale i saka.

– Det viktige no er at Gloppen Høgre får jobbe med dei endringane som no ligg føre, og korleis vi skal handtere det og kva meiningar vi skal ha framover, seier Rygg.

Olin Henden frå Gloppen som sit i samferdsleutvalet i fylket har tidlegare sagt at ho meiner det er uryddig av Lødemel å endre standpunkt etter at han er nominert til Stortinget.

– Ja, med tanke på at det ikkje har kome fram andre argument som gjer at det skal vere grunn til å ombestemme seg, sa Henden til NRK.no sist fredag.

Dette er ei spesiell sak

– Eg registrerer at eg har fått beskjed om at eg ikkje er ønskt der, det tek eg til etterretning. Det er dei som avgjer kven dei vil ha på møtet, så det er greitt for meg, seier Lødemel.

At det er trasevalet for framtidas E39 som har ført til reaksjonen er han innforstått med.

– Det er jo klart det gjeld traseval for E39. Det har vore trasig for Gloppen og eg forstår jo det. Men eg har teke eit standpunkt, og eg har grunngjeve det på ein etter mitt syn god måte, seier Lødemel.

– Men er det ikkje litt spesielt at eit lokallag ikkje ønskjer partiet sin stortingspolitikar på årsmøtet?

– Ja, men dette er jo ei spesiell sak, og det har sett kjensler i sving.

– Eg har ikkje tenkt å dramatisere det noko meir, no får vi la tida gå så får vi sjå om ting kan ordne seg etter kvart, seier Høgre-politikaren.

Lokallaget i Gloppen har allereie meldt til fylkessekretæren at dei heller ikkje vil ha stortingskandidat Bjørn Hollevik frå Florø på gjestelista.