Bjørn Lødemel seier han må ha eit standpunkt når ferjefri E39 på Vestlandet blir sett opp mot Intercity-satsinga på Austlandet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg meiner S'en er ute, i og med at det er 20 minuttar lenger reisetid i Nordfjord, seier stortingspolitikaren i dag og dermed snur i synet på kvar E39 skal gå i framtida.
– Mykje pengar
Lødemel har tidlegare kjempa for at E39 skal gå over bru mellom Gloppen og Eid og så tilbake til nybygde Kvivsvegen, det mykje omtala S-alternativet.
- LES OGSÅ: Ber stamvegdebattantar roe seg
No meiner han derimot, som fylkeskommunen i Møre og Romsdal og Statens vegvesen, at vegen bør gå frå Byrkjelo og om Stryn.
(Artikkelen held fram under kartet)
ALTERNATIVA: E39-alternativa gjennom Nordfjord.
Foto: Statens vegvesenEi kvalitetssikring gjort på oppdrag av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet tilrår derimot hengebru mellom Anda og Lote og veg vidare over Stigedalen til Volda.
- LES OGSÅ:
– Det er klart at å byggje ein parallell til Kvivsvegen som kostar kanskje to milliardar kroner i høve til det vegvesenet seier, så er det mykje pengar. Og det er pengar eg meiner vi bør bruke andre stader, til dømes i Sogn og Fjordane, der det er stort behov for pengar, seier han.
Påstår hestehandel
Den framtidige traseen er ei heit potet i Nordfjord, ikkje minst i Gloppen, Eid og Stryn kommunar.
Dei to førstnemnde som kjempar for å framleis få E39, og på sikt ferjefri fjordkryssing Anda–Lote, medan også Stryn ynskjer ferjefri fjordkryssing–då ved Svarstad.
Nyleg vart det påstått at Arbeidarpartiet vil tvinge Senterpartiet til å velje mellom Stad Skipstunnel og E39 mellom Gloppen og Eid. Noko som vekte kraftige reaksjonar.
Splitta Sp
Ifølgje Fjordingen har Senterpartipolitikarar i Stryn, Hornindal, Stranda, Ørsta og Volda bede Samferdsledepartementet og statsministeren sitt kontor å gå for eit indre alternativ.
– Avisoppslag siste dagane kan tyde på at Senterpartiet står samla om det som blir kalla Gloppen S-en, men det er feil. Det må ikkje danne seg inntrykk av at Sp er samla om den løysinga, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård i Hornindal og fylkespolitikar Per Kjøllesdal til avisa.
– Småpengar
SKUFFA: Tore Hjelle i Eid Høgre.
Foto: Eid HøgreOg no snur altså Lødemel. Skuffande, uryddig og overraskande, meiner partifellene. Spesielt etter at han nyleg på nytt er nominert til Stortinget.
Gruppeleiar i Eid Høgre, Tore Hjelle, tykkjer Lødemel har funne dårlege argument.
– Det vi snakkar om er ei investering på 4,5 til 6,5 milliardar avhengig av kva trasé ein vel, medan det i Møre og Romsdal er snakk om ei investering på 36 milliardar kroner. Så skal vi altså sitje å «gneke» på ein brøkdel av dette fordi det skal bli så billig så mogeleg i vårt fylke utan å tenkje på at ein i framtida skal ha utvikling mellom kommunane her også, seier han.
– Uryddig av Lødemel
Olin Johanne Henden frå Gloppen set i samferdsleutvalet i fylket. Høgrepolitikaren er overraska over snuoperasjonen til partifellen.
OVERRASKA: Olin Johanne Henden i Gloppen Høgre.
Foto: NRK– Veldig skuffande med tanke på at nominasjonen er overstått, og dette kjem opp i etterkant, så stussar eg litt over det, seier ho.
– Er det uryddig å endre standpunkt etter at han er nominert til Stortinget?
– Ja, med tanke på at det ikkje har kome fram andre argument som gjer at det skal vere grunn til å ombestemme seg.
Blir tema på årsmøte
Henden meiner det ville vore meir ryddig av Lødemel å snu før nominasjonen, og seier ho vil ta saka opp med stortingsrepresentanten når dei to gjestar årsmøtet til Gloppen Høgre i byrjinga av mars.
I Eid seier også Hjelle at saka blir tema på deira årsmøte. Lødemel seier snuoperasjonen ikkje har noko med nominasjonen å gjere.
– Eg må ha eit standpunkt som held seg når debatten om E39 kjem opp i høve til om ein skal byggje Intercity eller ferjefri E39, avsluttar han.