Hopp til innhold

Skuldar Lødemel for å ville gi fylket billegløysing på E39 i Nordfjord

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel fører Høgre-veljarane bak lyset når han no ikkje lenger vil ha bru over Anda-Lote i Nordfjord, meiner Erling Sande (Sp).

leder Erling Sande (Sp) i Stortingets energi- og miljøkomite.

RYSTA: Erling Sande (Sp) skuldar Bjørn Lødemel for å ha lurt veljarane, når Lødemel ikkje lenger vil kjempe for bru mellom Anda og Lote.

– Eg er rysta over Lødemel. Fordi han ikkje held ord. Eg reiste rundt med han i valkampen og høyrde kva han sa til veljarane i fylket. Det han seier no er noko heilt anna, seier Sande.

Har endra meining

Det var på NRK si lokalsending fredag morgon at Lødemel frå Hornindal slapp katta ut av sekken.

Høgrepolitikaren som tidlegare har vore klar på at E39 også i framtida bør via Eid og Gloppen, har no snudd. I staden for den såkalla S-løysinga der E39 går via Kvivsvegen og Kjøs bru til Nordfjordeid - med bru Anda - Lote . er ikkje lenger det beste alternativet, meiner Lødemel.

Det opprører Erling Sande. Og då særleg argumentasjonen.

– Lødemel argumenterer med at vi i fylket må finne oss i å velje nokre billegløysingar, med tanke på alle milliardane som skal gå til inter-city-tog på Austlandet, seier Sp-aren busett på Sandane.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

STRIDEN: Bør E39 i framtida svinge innom Eid med bru Anda - Lote, eller gå via Stryn til Byrkjelo - med ei framtidig bru ved Svarstad?

Foto: Statens vegvesen

Trur veljarane føler seg lurte

Sande meiner Lødemel viser ei audmjukheit ovefor Austlandet som ikkje tener Sogn og Fjordane.

– Hadde han sagt at dette handla om å få vegen innom Hornindal, eller at det var raskaste veg frå Hornindal og sørover, så hadde det då vore noko. Men å vise ei slik husmannsand overfor Austlandet – eller storting- og regjering, det tykkjer eg ikkje tener Sogn og Fjordane.

– Men er det ikkje ei ærleg sak å endre meining?

– Jo, men det har litt med timingen. Hadde han gjort dette på eit litt anna tidspunkt, til dømes før han skulle nominerast på nytt, slik han no får kritikk frå Høgre-folk, så hadde det vore noko. Men det er jo ikkje noko nytt i denne saka no som skulle tilseie at han skulle endre syn.

Sande understrekar at han ikkje vil legge seg opp i ein diskusjon som dei må ta internt i Høgre.

– Men eg trur mange som har stemt på han, føler seg lurt. Det er jo slik at vi politikarar ikkje alltid vinn fram med det vi kjempar for, men det å plutseleg over natta seier at han skal kjempe for det motsette av det han sa, er noko ganske anna.

Viser til Møre og Romsdal

Sande meiner det blir feil av Sogn og Fjordane å ikkje skulle «vere til bry» i kampen om samferdslemidlane når E39 og ferjefri veg langs Vestlandet blir sett opp mot ei storstilt togutbygging på Austlandet.

– I Sogn og Fjordane har vi starta ein diskusjon på pris, når det er snakk om eit par milliardar. Mens i Møre og Romsdal så maktar dei å stå samla kring kravet som tener fylket best. Ikkje nødvendigvis billegaste og kortaste veg, men det som tener Møre og Romsdal best, og det kostar fleire titals milliardar kroner.

Forstår ikkje kritikken

Bjørn Lødemel avviser kontant kritikken frå Sande.

Bjørn Lødemel

- ÆRLEG: Bjørn Lødemel (H) meiner han på ingen måte fører veljarane bak lyset. Tvert imot.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Eg forstår ikkje heilt kva Erling Sande meiner. Eg kan ikkje hugse at dette var noko stort tema ved valet i 2009, og i 2011 stod eg ikkje på val. Men eg ser framover. Det er seks månader til neste val, og eg tykkjer det er ryddig av meg å alt no klargjere mitt syn slik at folk veit kva eg meiner. Eg føler eg har gjort det på ein ryddig og open måte.

–Burde du ikkje ha klargjort dette tidlegare?

– Eg har meint at den såkalla S-en har vore det rette alternativet. Altså Kvivsvegen og bru Lote-Anda . Heilt fram til no dei siste månadene. Når ein ser at faginstansane ikkje går for S-en, og det kjem opp at E39 skal vere eit mest mogleg effektivt samband, kan ikkje vi ikkje ha ein ekstra runde i Nordfjord som tek 22 minutt å køyre. Det blir ikkje lenger eit effektivt samband.

At han skal ha ført veljarane bak lyset, vil Høgre-politikaren ikkje ha på seg.

– Eg vil seie det stikk motsette. Når eg klargjer mitt syn seks månader før stortingsvalet, så er det ein ryddig måte å gjere dette på.

– Ikkje snakk om husmannsand

At han med sine nye oppfatning om kvar E39 bør gå i Nordfjord fremjar billegløysingar for Sogn og Fjordane, vil Lødemel ikkje ha på seg. Han kjenner seg ikkje att i husmannsand-karakteristikkane til Sande.

– Dette vil eg på det sterkaste tilbakevise. Høgre vil ha ei stor satsing på E39. Eg går for E39 i Indre Nordfjord fordi eg meiner det er den beste løysinga. At vegen kan bli 2 milliardar kroner billegare, kan komme andre deler av E39 i Sogn og Fjordane til gode. Vi har til dømes Førdepakka, og vi har eit unisont krav om gul midtstripe gjennom fylket, påpeikar Lødemel.

–Pengane som blir til overs ved å ikkje gå for Anda - Lote kan gi ein god slump til andre deler av E39.