Åshild Kjelsnes (Ap), Bjørn Hollevik (H), Frank Willy Djuvik (Frp) og Klaus Iversen (V) - Foto: Fotomontasje /
Foto: Fotomontasje

Kysten inntek fylkestinget

Kystkommunane vil vere overrepresentert i Fylkestinget dei neste fire åra.

Politikarar frå kystkommunane har i mange år hevda at kysten har vore nedprioritert av resten av fylket.

Men dei neste fire åra vil 41 prosent av representantane kome frå åtte av kystkommunane i Sogn og Fjordane. Dei same kommunane representerer 32 prosent av innbyggjarane i fylket.

– Det er i grunn litt kjekt å sjå at kysten har fått litt utteljing på eit slikt val som dette. Det har vore slik ein del år at kysten, etter mi meining, har vore underrepresentert, seier Klaus Iversen (V).

Bevisst nedprioritering

Frank Aarebrot valg 2011 - NEDPRIORITERT: Frank Aarebrot.NRK

NEDPRIORITERT: Frank Aarebrot.

Foto: NRK

Med heile 520 personrøyster, er venstrepolitikaren frå Vågsøy ein del av bølgja med kystpolitikarar som no feiar inn i Fylkestinget i år.

Professor i Samanliknande Politikk, Frank Aarebrot, uttala i 2008 at nedprioriteringa av kysten var noko av det som gjer Sogn og Fjordane til eit annleis-fylke .

– Grunnen til det trur eg rett og slett er den merkverdige politikken som er ført i Sogn og Fjordane. Med ei bevisst nedprioritering av dei delar av fylket som kan danne grunnlag for vekst. Prisen dei betaler er naturlegvis stagnasjon, sa han.

Ser moglegheitene

Den gongen fekk Aarebrot klar støtte frå både Alfred Bjørlo i Måløy Vekst, og Vågsøy-ordførar Roger B. Silden. No kan det altså bli annleis.

Med så stor representasjon kan kystpolitikarane nesten åleine avgjere om 45 minuttsregionen mellom Måløy og Florø skal rykkje framover på prioriteringslista.

– Kysten har heile tida hatt eit underskot av moglegheiter som har vore der, men som ikkje er realisert. Eg trur nok at mange veljarar har sett at Høgre kanskje er det partiet som er til å stole på om ein skal ta ut potensial som har ligge der, seier fylkespolitikar Bjørn Hollevik (H) frå Florø.

Høgre med flest

Av partia på fylkestinget, er det nettopp Høgre som har flest frå kysten med fem av sju representantar. I andre enden, er Senterpartiet representert med to av ti i politikargruppa si.

Bjørn Hollevik - NØGD: Bjørn Hollevik. - Foto: Oddleif Løset / NRK

NØGD: Bjørn Hollevik.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Samla aukar talet på representantar frå kysten frå 13 til 16. Noko Iversen er glad for.

– Vi skal vere fylkespolitikarar, og ikkje nødvendigvis berre kommunepolitikarar i denne samanheng. Men det er klart at vi også representerer våre nærmiljø og regionar. Det vil føre til at vi får større merksemd på saker som har relasjon til kysten, seier vågsøyværingen.

Får ikkje utslag

NRK sin valkommentator Knut Henning Grepstad tvilar på om det får store utslag at kysten erobrar politisk makt i fylket.

– Ein skal ikkje sjå vekk frå på enkeltsaker at det kan bli nokre konstellasjonar. Fylkestinget skal vere for heile fylket, det skal vere fylkespolitikarar og då har ein vore tilbakehalden med å profilere enkeltprosjekt, seier han.

– Lite grunnlag

Grepstad meiner samstundes at det er lite dekning for påstanden om at kysten i Sogn og Fjordane er nedprioritert.

Dei siste åtte åra har kystkommunane vore representert om lag likt med innbyggjartalet i fylket.

– Skal eg vere ærleg, og litt vågal på det, så tykkjer eg det er lite grunnlag for dei påstandane som har kome her. Det er påstandar som har kome frå avgrensa grupperingar og slik eg har følgt dette, så ser eg ikkje noko forankring i røynda når det gjeld fordeling av ressursane som fylkestinget rår over, seier han.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Fleire nyhende

I Flåm vert det jobba døgnet rundt med å reparere skadane etter flaumen. Men skadane er så store at kommunen ber staten om penger.
Frykter kirkegård skal rase ut
Evakuerte innbyggjarar i Flåm kan no dra heim etter flaumen. 
Men 35 av dei rundt 200 evakuerte kan ikkje flytte hjem igjen enno, og 15 har behov for ny bustad på lang sikt.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Ottar Starheim / NRK
Foto: Ottar Starheim / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her