Hopp til innhold

Så overraska vart Alfred Bjørlo av å komme på Fylkestinget

Alfred Bjørlo frå Eid er klar for Fylkestinget etter at han avanserte 22 plassar på Venstre-lista ved hjelp av personlege stemmer.

Alfred Bjørlo

OVERRASKA: Alfred Bjørlo hadde ikkje trudd at Fylkestinget var innan rekkevidde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Bjørlo tok tenkjepause då NRK kunne fortelje han at han frå ein 24. plass og listefyll, hadde fått så mange personlege stemmer at han rykkte opp på 2. plass og kapra ein av dei tre plassane Venstre får i Fylkestinget.

–.......Ææøhh......det er noko av det mest overraskande eg har høyrt i mitt liv. Eg har ikkje ein gong tenkt tanken at det var mogeleg..... så dette - for å sei det forsiktig - kom veldig brått på.

Bjørlo gjorde mandag ein brakval i Eid, og fekk over 44 prosent av stemmene. Han blir den nye ordføraren i Eid.

– No trur eg dette må få lov til å synke inn litt, seier han.

Ungdomskandiaten ute

Når Bjørlo no rykker inn på tinget, skjer det på bekostning av partiet sin ungdomskandidat Aleksander Nygaard Åsnes (21) frå Førde. Nygaard Åsnes er no nede på andre varaplass.

Siv Langøen Rotevatn frå Eid hadde sjetteplass på lista, men har rykt opp på fjerde, og dermed første varaplass.

Etter valnatta var nok Hilde Kvamsås Aa frå Flora ganske sikker på at ho hadde kapra fylkestingsplass. SV fekk to på tinget, og Kvamsaas Aa hadde andreplassen bak Norvall Nøringset. Men veljarane endra også på dette

Jan Olav Fretland på tinget

Jan Olav Fretland
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fretland stod på fjerdeplass, men veljarane gav han personstemmer nok til å rykke opp på andre, og dermed er Kvamsås Aa ute.

Veljarane har brukt pennen flittig i mange parti, og personlege stemmer har endra rekkefølgja innbyrdes mellom dei som stod øvst på lista. Men det er berre Bjørlo og Fretland som kom inn på tinget frå plassering nede på listene.

Her er fylkestinget:

  • DET NORSKE ARBEIDARPARTI
  • Kjelsnes Åshild J Høivik, Flora
  • Høl Hilmar, Årdal
  • Støyva Nils Petter, Stryn
  • Torvanger Karianne Alette, Flora
  • Vereide Torbjørn, Gloppen
  • Kirketeig Jorunn K Eide, Førde
  • Stegegjerdet Odd Atle , Luster
  • Solstad Eva M Hage, Lærdal
  • Oppen Henrik, Høyanger
  • Hjertaas Helen,Vågsøy
  • Helle Arve, Fjaler

Vara:

  • Rinde Laila, Bremanger
  • Sandnes Atle Reidar, Jølster
  • Rotihaug Olaug Solheim, Eid
  • Førde Bjørnar A Ånnevik, Bremanger

  • SOSIALISTISK VENSTREPARTI
  • Nøringset Norvall, Førde
  • Fretland Jan Olav ,Lærdal

Vara

  • Aa Hilde Kvamsås, Flora
  • Lothe Hege, Gloppen
  • Støfring Hege Mari L, Jølster
  • SENTERPARTIET
  • Følling Jenny Ellaug, Gaular
  • Ryssdal Anders, Gloppen
  • Hjelmeseter Karen Marie, Sogndal
  • Nybø Anita, Bremanger
  • Menes Arnstein, Balestrand
  • Mongstad Gunn Åmdal, Solund
  • Gjerland Nils Asbjørn, Førde
  • Kjøllesdal Per Atle, Stryn
  • Bergheim Bjørg, Jølster
  • Heen Aleksander Øren, Årdal

Vara

  • Åshamar Kjell Magne, Eid
  • Bråstad Tore,Hyllestad
  • Melvær Randi O Rønnekleiv, Flora
  • Sande Gunn Karin, Selje

  • KRISTELEG FOLKEPARTI
  • Brosvik Trude, Gulen
  • Klungre Olav, Gloppen
  • Furnes Norunn Lunde, Gaular

Vara

  • Storehaug Tore,Askvoll
  • Lie Beate Bondevik, Luster
  • Ommedal Sissel Helen,Eid

  • VENSTRE
  • Iversen Klaus Arne, Vågsøy
  • Bjørlo Alfred Jens, Eid
  • Krogsæter Marit Barsnes, Flora

Vara

  • Rotevatn Siv Langøen, Eid
  • Åsnes Aleksander Nygaard,Førde
  • Øren Marianne, Lærdal

  • HØGRE
  • Distad Noralv, Aurland
  • Hollevik Bjørn Erik, Flora
  • Henden Olin Johanne, Gloppen
  • Krakhellen Ole Gunnar, Solund
  • Melvær Frida, Askvoll
  • Mjømen Arve Harald, Gulen
  • Stave Liv Bessie, Selje


Vara

  • Nødseth Jacob André T, Flora
  • Nordberg Bjørn Tore, Førde
  • Sandvik Stine, Luster
  • Heggen Aina Jøranli, Eid

  • FRAMSTEGSPARTIET
  • Djuvik Frank Willy P,Flora
  • Hansen Svein, Selje
  • Navarsete Rita, Sogndal

Vara

  • Dalsbotten Britt Hilda, Førde
  • Drabløs Lars-Svein, Eid
  • Ølmheim Stig Ove, Sogndal